Beredskapskoordinator
Luster kommune Forvaltning og utvikling
- مكان العمل
- LUSTER، GAUPNE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 22/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med på å styrkje samfunnstryggleiken og beredskapen i Luster?
Me opprettar no fast 100% stilling for å styrkje det systematiske beredskapsarbeidet.
Som beredskapskoordinator vil du arbeide med førebygging, planlegging og utvikling av kommunen sin beredskap. Du får ei sentral rolle i å gjere kommunen betre førebudd på uønska hendingar og sikre at me lærer av øvingar og erfaringar.
Luster er ein stor kommune med fjord, fjell, brear og spreidd busetnad. Naturfare, vêrhendingar og sårbar infrastruktur er viktige tema i beredskapsarbeidet vårt. Samstundes gjer eit meir alvorleg internasjonalt trusselbilete og aukande digitale truslar at kommunen må vere førebudd på fleire typar hendingar. Svikt i digitale tenester, bortfall av straum og kommunikasjon og forstyrringar i forsyningar kan få store konsekvensar for kommunen sine tenester og innbyggjarane. Beredskapsarbeidet skal bidra til at me kan oppretthalde viktige funksjonar også ved langvarige og samansette hendingar.
Du vil samarbeide tett med kommuneleiinga, fagmiljøa og tenestene i kommunen, og med andre kommunar og eksterne beredskapsaktørar.
Arbeidsoppgåver
Som beredskapskoordinator skal du samordne og drive fram kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Du skal støtte leiarane og tenestene i deira beredskapsansvar og bidra til at planverk, rutinar og øvingar fungerer i praksis.
Sentrale oppgåver:
leie arbeidet med heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse og følgje opp tiltak
halde overordna beredskapsplanverk oppdatert og sikre samanheng med planane i tenestene
planleggje og gjennomføre øvingar, opplæring og evalueringar
følgje opp læringspunkt etter hendingar og øvingar
støtte og bidra til kommunen si kriseleiing ved førebuing og handtering av hendingar
leggje til rette for arbeidet i kommunen sitt beredskapsråd
vere kontaktpunkt mot Statsforvaltaren og delta i det regionale beredskapssamarbeidet i Sogn
utvikle samarbeidet med naudetatane, frivillige organisasjonar og andre relevante aktørar
bidra til god informasjon om eigenberedskap og førebyggjande tiltak til innbyggjarane
førebu saker og avgjerdsgrunnlag for administrativ og politisk leiing.
samarbeide med kommunen sitt ikt-miljø og andre relevante aktørar om beredskap ved digitale hendingar og bortfall av kritiske tenester
koordinere arbeidet med kontinuitetsplanlegging, slik at kommunen kan oppretthalde viktige tenester ved langvarige avbrot og mangel på personell, utstyr eller forsyningar.
Stillinga vil også omfatte koordinering av kommunen sitt tilsyn og oppfølging av elveførebyggingar. Oppgåver knytte til flaumsikring i Gaupne kan bli lagde til stillinga, det same gjeld beredskap i tette trehusmiljø og samarbeid om beredskap rundt verdsarven og Urnes stavkyrkje.
Den endelege oppgåvefordelinga vert tilpassa kommunen sine behov og kompetansen til den som vert tilsett.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
relevant høgare utdanning, til dømes innan samfunnstryggleik og beredskap, offentleg forvaltning eller tekniske fag
kunnskap om risiko- og sårbarheitsanalysar, beredskapsplanlegging og krisehandtering
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
god digital kompetanse
førarkort klasse B
Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
Det er ein fordel om du har erfaring med beredskapsarbeid, øvingar eller krisehandtering. Kjennskap til kommunal forvaltning, naturfare, flaumsikring eller arbeid med teknisk infrastruktur vil også vere relevant.
Personlege eigenskapar
Du arbeider strukturert og sjølvstendig, og evnar å omsetje overordna krav og mål til konkrete oppgåver. Du tek initiativ, følgjer opp det som er avtalt og får arbeidet framover i samarbeid med andre.
Du må kunne byggje tillit på tvers av fagområde og organisasjonar, formidle tydeleg og halde oversikt i krevjande situasjonar. Me legg stor vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Me kan tilby
ei nyoppretta stilling med høve til å forme og utvikle beredskapsarbeidet i kommunen
varierte og meiningsfulle oppgåver med stor verdi for lokalsamfunnet
tett samarbeid med kommuneleiinga og engasjerte fagmiljø
deltaking i eit regionalt beredskapsnettverk
høve til fagleg utvikling
løn etter avtale/gjeldande tariffavtale
offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar
Stillinga er lagd til forvaltning og utvikling, med kontorstad på rådhuset i Gaupne. Ved større hendingar og øvingar kan det bli nødvendig med arbeid utanom ordinær arbeidstid.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان

samarbeide med kommunen sitt IKT-miljø og andre relevante aktørar om beredskap ved digitale hendingar og bortfall av kritiske tenester

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.