Ingeniør/senioringeniør - energi og tekniske anlegg
Nordplan As Avd Nordfjord
- مكان العمل
- STAD، NORDFJORDEID، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 20/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Ingeniør / senioringeniør – energi og tekniske anlegg
Vil du jobbe med energi og tekniske anlegg, og samtidig få påverke løysingane frå tidlegfase til ferdig prosjekt?
Vi ser etter deg som vil bruke kompetansen din til å utvikle gode, gjennomførbare og energieffektive løysingar.
Hva vi ser etter
Du har relevant teknisk utdanning innan til dømes VVS, maskin, energi, miljø eller tilsvarande. Du kan vere erfaren rådgivar, eller vere tidlegare i karrieren og ønskje å utvikle deg vidare innan fagområdet.
Det er ein fordel om du har erfaring med eitt eller fleire av områda varme, kjøling, energisystem, energiberekningar eller teknisk prosjektering.
Du treng ikkje kunne alt. For oss er det viktig at du har eit godt fagleg fundament, er nysgjerrig og trivst med å finne løysingar saman med andre.
Arbeidsoppgaver
utvikling av energi- og tekniske konsept
prosjektering og dimensjonering av varme-, kjøle- og energianlegg
energiberekningar og vurdering av energieffektive løysingar
modellbasert prosjektering og tverrfagleg koordinering
rådgiving og dialog med kundar, entreprenørar og leverandørar
oppfølging av prosjekt frå tidlegfase til detaljprosjektering og gjennomføring
Oppgåvene blir tilpassa erfaringa og kompetansen din. Har du interesse for kundekontakt, prosjektansvar eller fagutvikling, er det også mogleg å ta ei større rolle over tid.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
påverke løysingane -- ikkje berre produsere etter bestilling
arbeide tett med fleire fag i same rådgivarmiljø
vere med gjennom fleire fasar av prosjektet
korte vegar mellom fagfolk og avgjerder
høve til å utvikle deg fagleg og ta meir ansvar
ein arbeidskvardag med tillit, fleksibilitet og dyktige kollegaer
Nordplan er eit tverrfagleg, ansatteigd rådgivarselskap. Vi har fagmiljø innan mellom anna arkitektur, bygg, energi, brann, plan, prosjektleiing og teknisk rådgiving, og jobbar med prosjekt for både offentlege og private kundar.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.