شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Barne- og ungdomsarbeidar Julsundet skole -100% fast stilling

Aukra kommune Julsundet skole

مكان العمل
AUKRA، MOLDE، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
04‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Likar du å leggje til rette for leik, aktivitet og læring, og ønskjer du å bidra til at elevar utviklar seg både sosialt og fagleg? Ved Julsundet skole, som ligg på fastlandet berre eit kvarters køyretur frå Molde, har vi no ledig ei 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. På Julsundet skole er vi opptekne av å byggje eit sterkt lag rundt elevane. Vi har tru på utvikling gjennom samarbeid og samhandling, der ulike yrkesgrupper bidreg med sin kompetanse og arbeider saman for elevane sitt beste. Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. Saman skal vi leggje til rette for læring for alle og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle.        Arbeidsoppgåver Følgje opp enkeltelevar og grupper med behov for fagleg og sosial støtte gjennom heile skolekvardagen og SFO- tida  Høyre til i laget rundt eleven Delta i tilrettelegginga innanfor handlingsrommet og toleransevindauget eleven har Tilrettelegge for alternative aktivitetar for elevar som treng ei anna tilnærming til læring Samarbeide med dei ulike yrkesgruppane på skolen      Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant fagbrev kan òg vurderast. Gode norskkunnskapar og god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne. Erfaring med og interesse for arbeid med elevar, både individuelt og i grupper. Evne til å planleggje, organisere og gjennomføre aktivitetar for elevar.     Personlege eigenskapar Du har eit positivt elevsyn, er raus og uredd og har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Du tek i bruk varierte arbeidsmetodar og evnar å motivere elevane. Du er fleksibel, utviklingsorientert og løysingsorientert. Du har høge ambisjonar på vegne av kvar enkelt elev. Du er god på samarbeid. Du kan arbeide med alle elevane våre, uavhengig av alder og funksjonsnivå. Du er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver, og er førebudd på å ta på deg ulike oppgåver etter behov.       Vi tilbyr Gode pensjons- og forsikringsordningarKommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning Tett samarbeid med ulike faggrupper Eit godt arbeidsmiljø    Tilsetjing så snart som mogeleg.   Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf. offentleglova § 25. Du blir varsla om ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje. Søknad: Aukra kommune nyttar elektronisk søknadshandsaming. Søk via knappen "søk her". Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.