Helsesekretær med funksjon som driftskoordinator ved nytt legesenter i Knarvik
Alver kommune
- مكان العمل
- ALVER، ISDALSTØ، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 29/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Trivst du med ansvar, koordinering og ein kvardag der mykje skal fungere saman? Då kan dette vere den rette stillinga for deg.
Vi søkjer ein strukturert, engasjert og erfaren helsesekretær til funksjonen som driftskoordinator ved nyoppretta legesenter i Knarvik i Alver.
Hos oss får du kombinere ordinære helsesekretær oppgåver med koordinering av den daglege drifta. Du får vere med frå starten når vi byggjer opp eit nytt legesenter og får høve til å påverke og forme både tenestene, arbeidsmåtane og kulturen frå starten av.
Om det nye legesenteretDet nye legesenteret har fire fastlegeheimlar og held til i trivelege og funksjonelle lokale i Knarvik. Det er gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret. Det er og god buss- og båt forbindelse til Bergen Sentrum.
Vi nyttar Infodoc journalsystem. På forkontoret tilsett vi helsesekretær, sjukepleier og driftskoordinator som koordinerer den daglege drifta i samarbeid med assisterande einingsleiar/einingsleiar
Legesenteret er i ein oppbyggingsfase, og saman skal vi etablere gode rutinar, arbeidsformer og ein trygg og inkluderande samarbeidskultur. I starten vil ikkje alt vere ferdig utvikla, og arbeidsmåtar og ansvarsdeling kan bli justerte undervegs. Vi ser derfor etter medarbeidarar som blir motiverte av å vere med og byggje opp noko nytt, tek initiativ og trivst med utvikling og endring. Hos oss får du høve til å påverke korleis vi organiserer arbeidsdagen, fordeler oppgåver, utviklar rutinar og byggjer arbeidsmiljøet heilt frå starten.
Vi legg vekt på kompetanseutvikling, godt tverrfagleg samarbeid og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet er å tilby tilgjengelege og gode legetenester slik at pasientane kjenner seg velkomne og vert møtte med tryggleik, profesjonalitet og god service.
Ledige legeheimlar vert kunngjort innan kort tid.
Om stillingaVi søkjer ein strukturert og engasjert helsesekretær med funksjon som driftskoordinator. Stillinga er fast i 100 %, med arbeidstid på dagtid frå kl. 08.00 til 15.30.
Driftskoordinatorfunksjonen utgjer om lag 30 prosent av stillinga. Resten av arbeidstida inngår du i den ordinære drifta som helsesekretær. Funksjonen inneber ikkje formelt leiaransvar eller leiarmynde, men omfattar koordinerande oppgåver som er delegerte av einingsleiinga.
Vi ser for oss oppstart av legesenteret våren 2027, truleg i april. For driftskoordinator kan det bli aktuelt med tidlegare oppstart for å bidra i etableringsarbeidet. Nærmare tidspunkt blir avtalt med den som blir tilsett. Intervju planlegg vi å gjennomføre før jul.
Som driftskoordinator får du ei nøkkelrolle i oppbyggingsfasen. Du skal bidra til god flyt, kvalitet og samhandling, og vere med på å etablere rutinar, arbeidsformer og struktur før og etter at legesenteret opnar.
Arbeidsdagane er varierte, og det må påreknast periodar med høgt tempo og mange samtidige oppgåver. I opningstida vil du både møte pasientar i resepsjonen, handtere telefonførespurnader og følgje opp koordinerande oppgåver som skal få drifta til å fungere godt.
Du rapporterer til assisterande einingsleiar eller einingsleiar, som har personalansvaret for dei tilsette.
Arbeidsoppgåverplanleggje og følgje opp den daglege drifta i samråd med einingsleiar og assisterande einingsleiar
koordinere og fordele daglege oppgåver innanfor avklarte rammer og ut frå kompetansen i teamet
bidra til å utarbeide, kvalitetssikre, oppdatere og innføre rutinar, prosedyrar og sjekklister
leggje til rette for god pasientflyt og godt samarbeid mellom forkontoret og legane
bidra til opplæring av nytilsette og vikarar etter gjeldande sjekklister og rutinar
melde frå til assisterande einingsleiar eller einingsleiar om utfordringar i drifta, avvik og behov for kompetanseheving eller avgjerder
ha oversikt over ferie, kurs, avspasering og anna fråvær
delta i arbeid med internkontroll, HMS og kvalitetsforbetring
følgje opp utvalde administrative oppgåver innan til dømes ikt, økonomirutinar, varebestilling, laboratoriedrift og systemadministrasjon
delta i ordinære helsesekretæroppgåver, mellom anna resepsjon, telefon, laboratoriearbeid og arbeid på skiftestove
Kvalifikasjonskrav Du må ha:
norsk autorisasjon som helsesekretær
minimum tre års relevant erfaring frå drift av legekontor
god digital kompetanse og interesse for journalsystem, kvalitetsystem og administrative verktøy
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Der er ein fordel om du og har:
god forståing for drift av legekontor, pasientflyt og mellom ulike faggrupper
erfaring med å koordinere arbeidsoppgåver og utvikle rutinar
erfaring med Infodoc
erfaring med telefontriagering
erfaring med internkontroll, HMS eller kvalitetsarbeid
Kven er du?Du har yrkesstoltheit og ønskjer å bidra til gode og trygge tenester for pasientane. Du er ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg, og følgjer opp oppgåver til dei er gjennomførte.
Du blir motivert av å byggje opp og skape struktur i ei teneste som er under etablering. Du kan ta initiativ og drive oppgåver og prosessar framover, samtidig som du involverer kollegaer og avklarar ansvar med einingsleiinga. Du toler at ikkje alt er ferdig definert, og kan omsetje behov og utfordringar til praktiske rutinar og løysingar.
Du held ro og oversikt når situasjonen endrar seg, og tilpassar prioriteringane etter behova i drifta. Du samarbeider godt på tvers av fagområde, lyttar til andre og kommuniserer ope og respektfullt.
Du forstår skiljet mellom koordinering og leiing. Du kan vere tydeleg i den daglege oppfølginga utan å ta over oppgåver eller avgjerder som ligg til einingsleiinga.
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me tilbyrløn etter gjeldande hovudtariffavtale og funksjonstillegg som driftskoordinator etter gjeldande avtalar
god pensjonsordning
ei sentral rolle i oppbygginga og vidareutviklinga av eit nytt legesenter
reell påverknad på rutinar, arbeidsformer, pasientflyt og samarbeidskultur
varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
gratis parkering i kort gåavstand frå kontoret
Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
النص الأصلي للإعلان

følgje opp utvalde administrative oppgåver innan til dømes IKT, økonomirutinar, varebestilling, laboratoriedrift og systemadministrasjon

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.