Rådgjevar/seniorrådgjevar - miljø og klima
Statsforvaltaren i Vestland
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 18/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere ein pådrivar for klima- og naturomsyn i Vestland?
Om stillinga
Klimaendringane og tapet av natur er blant dei største utfordringane samfunnet står overfor. Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, tilpasse samfunnet til eit endra klima og ta vare på naturen gjennom arealforvaltning og planlegging. Statsforvaltaren i Vestland søkjer no ein engasjert og initiativrik klimarådgjevar som vil vere med å styrkje dette arbeidet.
Som klimarådgjevar får du arbeide på tvers av fagområde som klima, natur, landbruk, beredskap og samfunnsplanlegging. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og får ei sentral rolle i dialogen med kommunane i Vestland. Stillinga er organisert i miljøavdelinga, men arbeidet vil vere på tvers av fleire avdelingar i embetet.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna arbeide med årettleie kommunane i arbeidet med klimagassreduskjon, klimatilpassing og berekraftig arealforvaltning
bidra til at klima- og naturomsyn blir ivaretekne i kommunal planlegging gjennom faglege råd, fråsegner og dialog med kommunane
formidle kunnskap gjennom nettverk, samlingar og samarbeid med kommunar, Vestland fylkeskommune og andre aktørar
styrkje dialogen mellom Statsforvaltaren og kommunane innan klima-, natur- og planområdet
bidra til å vidareutvikle det tverrfaglege klima- og naturarbeidet hos Statsforvaltaren i Vestland
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du harrelevant høgare utdanning på masternivå innan klima, miljø, naturforvaltning, samfunnsplanlegging, geografi, landbruk eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
god kunnskap om klima- og miljøutfordringar og korleis desse heng saman med arealplanlegging og samfunnsutvikling
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
erfaring frå offentleg forvaltning, kommunesektoren eller anna relevant samfunnsarbeid
erfaring med prosjektarbeid, nettverksbygging og rettleiing
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg somer sjølvstendig, tek initiativ og oppnår resultat
har gode samarbeidsevner, involverer andre og trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø
kommuniserer godt og kan gjere komplekse problemstillingar forståelege
er strukturert og har god gjennomføringsevne
er utviklingsorientert og ser moglegheiter for nye løysingar
har god rolleforståing og trivst i samspel med kommunar og andre samarbeidspartnarar.
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du: interessante arbeidsoppgåver
eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
ein arbeidsplass i utvikling
medlemskap i statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
trening i arbeidstida
delvis heimekontor
fleksibel arbeidstid
løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Vi ønskjer mangfald: Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår: Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt og laste opp relevante vitnemål og attestar. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir . Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 630 000 - 800 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje. For meir informasjon, kontakt miljødirektør Aslaug Aalen på telefon 55 57 20 13 eller e-post aslaug.aalen@statsforvalteren.no
Om Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
النص الأصلي للإعلان

medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.