شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vikariat 60 % stilling - vaskeri/reinhald

Hyllestad kommune Omsorgstenestene

مكان العمل
HYLLESTAD، SØRBØVÅG، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/09‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vi har ledig eit vikariat i 60 % stilling på vaskeri/reinhald ved Hyllestad omsorgssenter frå snarast og ut januar 2027, med moglegheit for fast tilsetting. Kvifor søkje hos oss?Viktige, interessante og meiningsfulle oppgåver ventar på deg Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP Kvifor Hyllestad?Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg? Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo Arbeidsoppgåvene dine mellom anna vere: Vask av klede til bebuarane på institusjon  Vask av sengetøy, handkle og anna tøy i bruk på institusjon  Reinhald på institusjon   Reinhald hjå heimebuande som har enkeltvedtak  Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov Vi ser for oss at du harFagbrev som reinhaldar Erfaring frå liknande arbeid kan erstatte manglande utdanning Er grundig, strukturert, har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig Førarkort  Tilsetting føreset godkjent helseattest (smittevern) og politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding. KontaktFleire opplysningar om stillinga kan du få hos Einingsleiar Linn Christin Fløholm. Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg! Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår. Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår! Relevante lenkjerHyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar Hyllestadinfo Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.