شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar

Barn og unge sengepost og poliklinikk, Helse Førde

مكان العمل
SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
12‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Barne- og ungdomsavdelinga, poliklinikken, har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar med oppstart snarast.  Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av barn og ungdom i alderen 0–18 år innan fleire pediatriske fagområde. Vi følgjer opp pasientar med både akutte og langvarige helseutfordringar, og har eit sterkt fokus på kvalitet, pasientmedverknad og gode pasientforløp. Som sjukepleiar ved poliklinikken får du ein variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende, tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og moglegheit til å bidra til vidareutvikling av fag og tenester. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming). Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.  Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig eit vikariat i turnus. Vi ber søkjarane opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.  ArbeidsoppgåverVariert og sjølvstendig arbeid knytt til drift av barnepoliklinikken, med moglegheit for fagleg utvikling og fordjuping.  Utføre sjølvstendige sjukepleiefaglege oppgåver og undersøkingar innan fleire pediatriske fagområde. Dette omfattar mellom anna ulike diagnostiske testar, prøvetaking, målingar, opplæring og behandling.  Gi opplæring, rettleiing og undervisning til barn, ungdom og føresette knytt til sjukdom, behandling, medisinsk teknisk utstyr og medikamenthandtering.  Ta imot og klargjere pasientar før konsultasjonar og undersøkingar. Dette omfattar mellom anna måling av vitale parameter, vekt og lengde, EKG og førebuing til ulike undersøkingar og behandlingar.  Delta i vidareutvikling av sjukepleiarrolla ved poliklinikken. Avdelinga arbeider aktivt med oppgåvegliding, og sjukepleiarar har eigne konsultasjonar innan utvalde fagområde.  Bidra i koordinering og planlegging av pasientforløp, inkludert operasjonsplanlegging og førebuing til undersøkingar og behandlingar som krev anestesi eller sedasjon.  Arbeide tett saman med legar og andre faggrupper for å sikre heilskaplege og gode pasientforløp. Ivareta barn og ungdom i alle aldrar, samt deira føresette, på ein trygg og fagleg god måte. Endringar i arbeidsoppgåver må kunne påreknast som følgje av utvikling i tenestetilbodet, organisering og prioriteringane i føretaket. Den som vert tilsett vil, kunne få oppgåver knytt til koordinering av drift, fagutvikling og tenesteutvikling i samarbeid med seksjonsleiar KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg Erfaring frå poliklinisk arbeid kan vere ein fordel Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparBidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø.  Er samlande og samarbeidsorientert, med evne til å sjå heilskapen og bidra til felles mål på tvers av sengepost og poliklinikk. Arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst.   Har gode kommunikasjonsevner og er fleksibel i møte med endringar.  Trivst i arbeid med barn, ungdom og føresette Vi tilbyrHøgt fagleg nivå Varierte og spennande oppgåver Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Deltaking i fagleg nettverk Moglegheit for videreutdanning   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJorunn Sollid, Seksjonsleiar, 992 93 641 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5200763624 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.