Tilretteleggingsressurs i barnehage
Oppvekst - barnehage
- مكان العمل
- KVAM، NORHEIMSUND، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 04/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Me søkjer deg med helsefagleg bakgrunn som vil jobba i barnehage.
Norheimsund barnehage har ledig stilling som tilretteleggingsressurs for eit barn som går i barnehage. Dette er ein jobb for deg som søkjer nye utfordringar og oppgåver i nytt miljø. Stillinga er ledig frå snarast og tom. juli 2027, oppstart etter avtale.
Ein tilretteleggingsressurs skal vera ei støtte for barnet i barnehagen. Barnet skal ta del i heile barnehagedagen og tilretteleggingsressursen skal sikra eit eigna og individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Det blir gjeve opplæring ved oppstart.
ArbeidsoppgåverBidra aktivt til at barn med nedsatt funksjonsevne får oppleva meistring og blir inkludert i barnegruppa
Ansvar for medisinering og utstyr
Vera ein trygg vaksen
Samarbeide med kollegaer
Samarbeide med foreldre
Motta og følga opp rettleiing
Bidra til godt arbeidsmiljø
Delta i avdelingsarbeid
KvalifikasjonarHelsefagleg utdanning, sjukepleiar eller helsefagarbeidar
Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
Fordel med kompetanse i teikn til tale (Karlstadmodellen)
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Bestått B1og B2
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparDu må vera ein trygg vaksen. Det er viktig med god relasjon til barnet og godt samarbeid med foreldre.
Handtera akutte situasjonar på eiga hand, og ta ansvar dersom det oppstår noko
Vidare ynskjer me at du:
Er pliktoppfyllande og stabil
Er komfortabel med utfordringar og er interessert i å læra nye ting
Har helsa til å løfta og vera i aktivtet med barn gjennom heile dagen
Har godt humør og positiv innstilling
Møter barn, kollega og føresette med respekt
Er fleksibel og løysingsorientert
Har eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyrOpplæring
Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonKarin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
ArbeidsstadKyrkjevegen 30
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5197170786
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 04.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.