Operasjonssjukepleiarar
Operasjon Førde, Helse Førde
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 08/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Operasjon Førde er ein del av Avdeling for anestesi, intensiv og operasjon (AIO).
Vi flytta inn i ei ny og moderne operasjonsavdeling i 2024, og søkjer no operasjonssjukepleiarar til både fast stilling og vikariat.
100% fast stilling, oppstart etter avtale
100% vikariat, oppstart etter avtale. Vikariatet varer til og med desember 2027
Oppgje i søknaden om du ønskjer å bli vurdert for éi av stillingane eller begge.
Operasjonsavdelinga er ei serviceavdeling som tilbyr elektiv og akutt kirurgisk behandling innan ortopedi, gastro-/endokrin-/proktologi-/plastikk-kirurgi, urologi, karkirurgi, ØNH og gynekologi. Vi deltek i traume- og stansteam og har vaktberedskap for augeoperasjonar.
Tryggleik, kvalitet og kompetanse i ei høgteknologisk avdeling er vårt fokus i møte med pasienten. Godt samarbeid og kommunikasjon med alle brukarar av operasjonsavdelinga og støttepersonell er avgjerande for gode pasientforløp og gode helsetenester av høg kvalitet.
Minste aktuelle stillingsprosent ved operasjonsavdelinga er 70 %.
Det må påreknast om lag tre månader dagarbeid for å oppnå vaktkompetanse.
ArbeidsoppgåverOperasjonssjukepleiar er ein del av eit tverrfagleg team som m.a:
har ansvar for planlegging og førebuing til operasjon
har rolle som koordinerande eller sterilt utøvande operasjonssjukepleiar
har i lag med anestesi ansvar for førebygging av skader ved kirurgiske leier og bruk av medisinskteknisk utstyr
har ansvar for å sikre god hygiene og gjennomføre infeksjonsførebyggande tiltak
har ansvar for å klargjere og kontrollere utstyr med fokus på pasientsikkerheit
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
Må meistre norsk godt, både munneg og skriftleg
Personlege eigenskaparVi søkjer ein motivert, fagleg trygg og engasjert medarbeidar som:
Har evne til å arbeide i ei avdeling med høgt tempo
Må kunne samarbeide og leie team samansett av fleire faggrupper
Har evne til nytenkjing og gjennomføring av endringar
Kan arbeide strukturert og nøyaktig, med høg grad av fagleg dedikasjon og med pasienten i sentrum
Er fleksibel og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Har gode datakunnskapar
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Faglege utfordringar
Dyktige medarbeidarar
Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonIna Myklebust Ørjansen, Seksjonsleiar, (+47) 473 97 294
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5183978449
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.