شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Helsefagarbeidar i heimehjelpstenesta

Årdal kommune Pleie og omsorg

مكان العمل
ÅRDAL، ÅRDALSTANGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
23‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bidra til at eldre kan bu trygt og godt heime lenger? Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode relasjonar og gjere kvardagen litt enklare og tryggare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter. Me har no ledig ei 80 % fast stilling som heimehjelpar (stillinga kan bli utvida til 100% på sikt ved andre avgangar). Til denne stillinga ser me etter deg som er autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar, då arbeidet vil innebere både praktisk bistand og helsehjelp. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å meistre kvardagen og halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du blir ein del av kvardagen til menneske som set pris på både hjelpa, tryggleiken og den gode kontakten du bidreg med. Stillinga kan også innehalde praktiske oppgåver og helsehjelp på sjukeheim.   Ein variert arbeidskvardag Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tilpassa behova til den enkelte brukar. Du vil mellom anna utføre praktisk bistand i heimen og naudsynt helsehjelp, og arbeidet gir rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med andre. Den som vert tilsett vil også bli ein del av eit kartleggingsteam som er under utvikling. Gjennom dette arbeidet vil du vere med på å kartlegge kva behov brukarane har, og bidra til at dei får rett hjelp og oppfølging. Sidan teamet er under utvikling, vil du også få høve til å bidra i utforminga av korleis me skal arbeide framover. Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen.   Kven ser me etter? Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du ser den enkelte sine behov og ressursar og er oppteken av å bidra til at brukarane kan oppleve tryggleik og meistring i eigen kvardag. Du tek ansvar for eigne oppgåver og trivst med å arbeide sjølvstendig, samtidig som du samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper. Me ynskjer at du: er omsorgsfull, trygg og respektfull i møte med andre er påliteleg og ansvarsbevisst har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er fleksibel og løysingsorientert er positiv til utvikling og nye arbeidsmåtar Personlege eigenskapar og at du er eigna for arbeidet vil bli tillagt stor vekt.   Kvalifikasjonar Det er krav om norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar Det er krav om førarkort klasse B Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg Erfaring frå heimetenesta, eldreomsorg eller liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav.   Difor vil du trivast hjå oss I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla. Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du får brukt den helsefaglege kompetansen din, samtidig som du får vere tett på menneske og bidra til at dei kan meistre kvardagen i eigen heim.   Me tilbyr: meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver eit inkluderande og godt arbeidsmiljø god opplæring og støtte frå kollegaer gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter gjeldande hovudtariffavtale tilgang til bedriftshytte på Skeikampen   Ynskjer du ein variert jobb der du får kombinere praktisk bistand med helsefaglege oppgåver, og samtidig bidra til at eldre kan bu trygt heime så lenge som mogleg? Då håpar me å høyre frå deg.   Andre opplysningar: -          Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. -          Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. -          Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. -          For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.