Driftsleiar matfisk
Alsaker Fjordbruk
- مكان العمل
- TYSNES، ONARHEIM، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/01/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- Annet
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Driftsleiar matfisk
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Vil du vere med å utvikle framtidas havbruk?
For å styrkje driftsleiinga i Rogaland søkjer Alsaker Fjordbruk ein engasjert og operativ driftsleiar for sjølokalitetar.
Som driftsleiar får du ei sentral rolle i den daglege leiinga av våre lokalitetar i Sør-Rogaland. Du vil ha ansvar for personaloppfølging, koordinering av drift og vidare utvikling av området i tett samarbeid med driftssjef.
Arbeidskvardagen vil vere variert og operativ, gjennom jamleg nærvær på lokalitetane. Det må reknast med noko reising mellom anlegga og deltaking på møte ved hovudkontoret på Onarheim.
Ansvarsområdet omfattar Ryfish AS sine Globe-anlegg i Lysefjorden. Anlegga er ein del av konsernet si satsing på lukka oppdrettsteknologi og fungerer samtidig som visningsanlegg for kundar og samarbeidspartnarar. Stillinga omfattar også lokalitetane Ådnøy i Høgsfjorden ved Høle og Rossholmen på Mosterøy, tilhøyrande Nordsjø Fjordbruk AS.
ArbeidsoppgåverOppfølging og koordinering av den daglege drifta ved Ryfish AS, samt lokalitetane Ådnøy og Rossholmen
Personalansvar og oppfølging av om lag 10 medarbeidarar
Planlegging og koordinering av arbeidsoperasjonar
Oppfølging av fiskevelferd, biosikkerheit, kvalitet og HMS
Oppfølging av drift, vedlikehald og produksjon
Samarbeid med driftssjef, fiskehelseteneste og støttefunksjonar
Bidra til vidare utvikling av teknologi, arbeidsmetodar og driftsrutinar
Bidra til gode opplevingar for besøkande ved våre visningsanlegg
Me ser etter deg som:Har erfaring frå havbruk og god forståing for drift, fiskevelferd og biosikkerheit
Er ein tydeleg leiar som motiverer, utviklar og følgjer opp medarbeidarar
Tenkjer heilskapleg, tek eigarskap og får ting gjennomført
Er løysingsorientert, strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardag
Kommuniserer godt og samarbeider godt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Relevant utdanning innan havbruk, akvakultur eller tilsvarande er ein fordel. Me legg likevel størst vekt på relevant erfaring, leiareigenskapar og personlege eigenskapar.
Me kan tilbyEi spennande leiarstilling med ansvar for fleire lokalitetar
Moglegheit til å arbeide med framtidsretta teknologi innan havbruk
Varierte arbeidsdagar og dyktige kollegaer
Eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
Ei sentral rolle i eit av Noregs leiande havbrukskonsern
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.