Saksbehandlar/Reiseplanleggar
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
- مكان العمل
- ÅLESUND، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal?
Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledige stillingar. Ei 100% fast stilling, samt eit 100% vikariat, som saksbehandlar/reiseplanleggar.
Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg.
Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!
ArbeidsoppgåverSaksbehandling og rettleiing i tråd med pasientreiseforskrifta
Brukarstøtte og opplæring i system og regelverk
Reiseplanlegging og koordinering av transport
Oppfølging av transportørar og rekvirentar
Aktiv deltaking i forbetringsarbeid og utvikling av seksjonen
KvalifikasjonarGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
God digital kompetanse og erfaring med kontorstøtteverktøy
Erfaring frå saksbehandling, kundeservice eller logistikk er ein fordel
Fullført vidaregåande utdanning
Personlege eigenskaparServiceinnstilt, samarbeidsorientert og sjølvgåande
Strukturert og ansvarsbevisst
God evne til å meistre stress og krevjande situasjonar
Trivst med relasjonsbygging og samarbeid
Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonEsben Magnell, Seksjonsleiar, esben.magnell@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5174032501
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 01.01.2028
Søknadsfrist: 27.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.