Terna avlastning
Øygarden kommune Terna avlastning
- مكان العمل
- ØYGARDEN، RONG، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 23/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med på å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for barn og unge?Terna avlasting på Rong søkjer ein engasjert, trygg og fagleg dyktig miljøterapeut med autorisasjon som sjukepleIAr eller vernepleIAr til 60 % fast stilling.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du saman med gode kollegaer bidreg til at barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar får tryggleik, gode opplevingar og individuelt tilpassa oppfølging.
Om Terna avlastingTerna avlasting gjer avlasting til familier med barn og unge med nedsett funksjonsevne.
Vi legg stor vekt på å gje trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet, gode relasjonar og fagleg forsvarlege tenester.
Stillinga er knytt til årsplan og turnus, hovudsakleg med langvakter, arbeid på helg inngår og i turnusen.
Som miljøterapeut får du ein viktig fagleg funksjon i tenesta. Du vil arbeide tett på barna og ungdommane og bidra til at dei får gode og meiningsfulle dagar, samtidig som du sikrar god fagleg og helsefagleg oppfølging.
Arbeidsoppgåver:Som miljøterapeut hos oss vil du mellom anna:
bidra til tryggleik, trivsel, meistring og gode opplevingar for barn og unge
planleggje og gjennomføre individuelt tilpassa miljøtiltak og aktivitetar
følgje opp barn og unge med ulike dIAgnosar og ulik grad av funksjonsnedsetjing og somatisk kompleksitet
utføre helse- og omsorgsoppgåver, inkludert stell og pleie
ha ansvar for legemiddelhandtering, utdeling og oppfølging av medisinar i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar
observere og vurdere helsetilstand og følgje opp endringar
utføre og følgje opp relevante medisinske prosedyrar
bidra til god informasjonsflyt og kontinuitet i oppfølginga
samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
rettleie og støtte kollegaer i faglege spørsmål
bidra til fagleg utvikling, kvalitetssikring og gode rutinar i tenesta
bidra til eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:autorisasjon som sjukepleIAr eller vernepleIAr
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
fylt 18 år
Det er ønskjeleg med erfaring frå:
arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevne
miljøterapeutisk arbeid
helse- og omsorgsoppgåver
legemiddelhandtering og medisinske prosedyrar
journalføring og elektronisk dokumentasjon
Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er trygg, omsorgsfull, fleksibel og løysingsorientert, og som møter barn og unge med respekt, varme og tolmod.
Du har eit godt fagleg blikk og evnar å sjå den enkelte sine ressursar, behov og moglegheiter. Du er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til meistring og sjølvstende.
Du kommuniserer godt med barn, føresette og kollegaer. Du likar å samarbeide, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig når det trengst.
Vi ser etter deg som arbeider strukturert og fagleg, og som forstår betydninga av god dokumentasjon, trygg legemiddelhandtering og forsvarleg helsefagleg oppfølging.
Du må vere komfortabel med langvakter og ein variert arbeidskvardag.
Hos oss er ingen dagar heilt like – og det er nettopp det som gjer jobben spennande og meiningsfull.
Vi tilbyr
ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn, unge og familIAr
60 % fast stilling med hovudsakleg langvakter
ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og mykje ansvar
ein arbeidsplass med fokus på samarbeid, trivsel, meistring og kvalitet
motiverte og kunnskapsrike kollegaer
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kvalitet
gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Vil du bli ein del av teamet vårt?
Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein trygg og god avlastingskvardag? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontakt:
Helene Herdlevær Jentoft
AvdelingsleIAr Terna avlastning
Tlf. 990 86 598
Monica Førde Landro
LeIAr forvaltning og støttetenester
Tlf. 95 80 85 36
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان
Vil du vere med på å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for barn og unge?Terna avlasting på Rong søkjer ein engasjert, trygg og fagleg dyktig miljøterapeut med autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar til 60 % fast stilling.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du saman med gode kollegaer bidreg til at barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar får tryggleik, gode opplevingar og individuelt tilpassa oppfølging.
Om Terna avlastingTerna avlasting gjer avlasting til familier med barn og unge med nedsett funksjonsevne.
Vi legg stor vekt på å gje trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet, gode relasjonar og fagleg forsvarlege tenester.
Stillinga er knytt til årsplan og turnus, hovudsakleg med langvakter, arbeid på helg inngår og i turnusen.
Som miljøterapeut får du ein viktig fagleg funksjon i tenesta. Du vil arbeide tett på barna og ungdommane og bidra til at dei får gode og meiningsfulle dagar, samtidig som du sikrar god fagleg og helsefagleg oppfølging.
Arbeidsoppgåver:Som miljøterapeut hos oss vil du mellom anna:
bidra til tryggleik, trivsel, meistring og gode opplevingar for barn og unge
planleggje og gjennomføre individuelt tilpassa miljøtiltak og aktivitetar
følgje opp barn og unge med ulike diagnosar og ulik grad av funksjonsnedsetjing og somatisk kompleksitet
utføre helse- og omsorgsoppgåver, inkludert stell og pleie
ha ansvar for legemiddelhandtering, utdeling og oppfølging av medisinar i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar
observere og vurdere helsetilstand og følgje opp endringar
utføre og følgje opp relevante medisinske prosedyrar
bidra til god informasjonsflyt og kontinuitet i oppfølginga
samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
rettleie og støtte kollegaer i faglege spørsmål
bidra til fagleg utvikling, kvalitetssikring og gode rutinar i tenesta
bidra til eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
fylt 18 år
Det er ønskjeleg med erfaring frå:
arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevne
miljøterapeutisk arbeid
helse- og omsorgsoppgåver
legemiddelhandtering og medisinske prosedyrar
journalføring og elektronisk dokumentasjon
Ved tilsetjing vil det bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er trygg, omsorgsfull, fleksibel og løysingsorientert, og som møter barn og unge med respekt, varme og tolmod.
Du har eit godt fagleg blikk og evnar å sjå den enkelte sine ressursar, behov og moglegheiter. Du er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til meistring og sjølvstende.
Du kommuniserer godt med barn, føresette og kollegaer. Du likar å samarbeide, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig når det trengst.
Vi ser etter deg som arbeider strukturert og fagleg, og som forstår betydninga av god dokumentasjon, trygg legemiddelhandtering og forsvarleg helsefagleg oppfølging.
Du må vere komfortabel med langvakter og ein variert arbeidskvardag.
Hos oss er ingen dagar heilt like – og det er nettopp det som gjer jobben spennande og meiningsfull.
Vi tilbyr
ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn, unge og familiar
60 % fast stilling med hovudsakleg langvakter
ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og mykje ansvar
ein arbeidsplass med fokus på samarbeid, trivsel, meistring og kvalitet
motiverte og kunnskapsrike kollegaer
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kvalitet
gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Vil du bli ein del av teamet vårt?
Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein trygg og god avlastingskvardag? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontakt:
Helene Herdlevær Jentoft
Avdelingsleiar Terna avlastning
Tlf. 990 86 598
Monica Førde Landro
Leiar forvaltning og støttetenester
Tlf. 95 80 85 36
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.