Kokk på Vitengarden
Jærmuseet
- مكان العمل
- HÅ، NÆRBØ، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 06/12/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Kokkestilling med litt meir på menyenEr du glad i kokkefaget, men klar for ein kvardag som ikkje alltid følgjer same oppskrift? På Vitengarden vekslar du mellom kafédrift, bryllaup, konfirmasjonar, aktivitetsdagar og arrangement for alt frå 10 til 300 gjester. Du er ikkje berre med på førebuingane. Du er med og gjennomfører, og ser resultatet når gjestene set seg til bords. Nokre gonger skal maten òg spela på lag med temaet for dagen eller ei ny utstilling. Smak og presentasjon skal sitja, anten det er eit kurs, ein enkel lunsj eller festmiddag til fullt hus.
Arbeidstida er i hovudsak på dagtid måndag til fredag, med kveld- og helgearbeid når me har selskap og arrangement. I helgene blir kaféen i stor grad driven av vertane våre. Dei serverer også i bryllaup og andre selskap, og kan avlasta på kjøkkenet i feriar og på fridagar. Du får derfor ei viktig rolle i å gje dei god opplæring, tydelege rutinar og nødvendig oppfølging.
Du blir ein del av eit lag med pedagogar, teknikarar, gardsstyrar, butikkansvarleg, reinhaldarar og andre faggrupper. Her er kjøkkenet ein del av heile Vitengarden, ikkje ei verd for seg sjølv. For den rette personen kan stillinga utvikla seg til eit hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta, med god overlapping frå dagens kaféansvarleg.
Dette får du jobba med:Hjå oss får du bruka kokkefaget breitt, og me set vår ære i å laga mest mogleg av maten frå botn av.
Laga og presentera mat med god smak og kvalitet til kafé, selskap, bryllaup, aktivitetsdagar og andre arrangement
Utvikla menyar og mattilbod med rom for lokale råvarer og jærsk matkultur
Planleggja menyar med kundar og gjennomføra arrangement saman med vertar og kollegaer
Oppfølging av bookingsystemet ved bryllaup, selskap og andre arrangement
Læra opp og følgja opp vertane som driv kaféen i helgene og feriane og som hjelper til ved arrangement
Kalkulera prisar og sikra god kvalitet, fornuftig råvarebruk og lønnsam drift
Følgja opp innkjøp, varelager, HACCP og NORES-avtale
Bidra med catering til andre anlegg i Jærmuseet og samarbeida med kokkane på Vitenfabrikken
På sikt kan du få eit større ansvar for økonomi, innkjøp og vidareutvikling av heile kafé- og kjøkkentilbodet på Vitengarden.
Vitengarden – opplevingar for heile familienVitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving.
Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv – frå jord til bord.
Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman.
Kva bør søknaden din innehalda?For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:
Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten?
Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss?
Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge.
Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv?
Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din.
Du må gjerne bruke ki som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane.
Me ser etter deg somHar følgjande kvalifikasjonar:
Fagbrev som kokk
Relevant erfaring frå kjøkken, restaurant, hotell, catering eller selskapsservering
Erfaring med, og interesse for, planlegging og gjennomføring av selskap og arrangement, og liker å vera med når det faktisk skjer
Forstår råvarekostnad, kalkulasjon, prissetjing og lønnsam drift
Kjenner HACCP og krava til trygg og god kjøkkendrift
Kommuniserer godt med kollegaer, kundar, gjester og vertar
Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (gjerne nynorsk)
Kjennskap til jærsk mattradisjon og lokale råvarer er ein fordel. Me vil gjerne at historien vår òg skal kunne opplevast gjennom det me serverer.
Kjenner deg igjen i at du:
Liker variasjon og ansvar, og trivst med å gjennomføra arrangement der mange ting skal klaffa på ein gong
Får energi av å utvikla menyar og prøva nye idear
Har blikk for både kvalitet og økonomi, og er oppteken av at maten både smakar godt og ser innbydande ut
Er sjølvstendig og løysingsorientert, men trivst best når heile laget fungerer
Liker å dela kunnskap og gjera andre trygge gjennom god opplæring
Vil vera med og utvikla tilbodet, ikkje berre halda grytene i gang
Er open og fleksibel, både når det gjeld oppgåver, løysingar og arbeidstid
Har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Dette tilbyr meEin variert kokkejobb med god plass til idear og påverknad
Arbeidstid som i hovudsak er på dagtid måndag til fredag, med arbeid ved enkelte arrangement på kveldar og i helger
Høve til å arbeida med lokale råvarer, jærsk matkultur og mat som del av opplevinga
Eit uvanleg tverrfagleg arbeidsmiljø der mat møter museum, vitensenter, gard og formidling
Eit større kokkefagleg miljø gjennom samarbeid med kaféen på Vitenfabrikken
God overlapping og moglegheit for gradvis å ta hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta
Moglegheiter for å delta på leverandørmesser og kurs
Fast stilling i 100 prosent, løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Mangfald og tilretteleggingUlike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?
Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Rekrutteringsprosessen vårMe ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:
Etter søknadsfristen:
Me les og vurderer alle søknadar grundig opp mot krava i utlysinga
Dersom du ikkje går vidare i prosessen får du beskjed så snart me har gjennomført første vurderingsrunde
For aktuelle kandidatar:
Du blir invitert til intervju og truleg får du ei lita oppgåve du skal presentera kort under intervjuet
Ved behov gjennomfører me to intervjurundar
Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
Til slutt:
Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart
النص الأصلي للإعلان

Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane.

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.