Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- مكان العمل
- LOM، INNLANDET
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 29/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
No har vi ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar, med moglegheit for å arbeide 80 % dersom du ønskjer det. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.
Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.
Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.
Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.
Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.
Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.
Vi ser etter deg som
Er raus, positiv og engasjert.
Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.
Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.
Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.
Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.
Kvalifikasjonar
Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B.
Gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Kvifor velje oss?
Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.
Vi tilbyr:
Eit 100 % vikariat, med moglegheit for 80 % stilling dersom du ønskjer det. Vikariatet varer fram til 01.01.2028.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.
Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.
Turnusarbeid. Stillinga har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.