شعار النرويج الآن
Norsk
العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vikar for tilkalling ved Barnebo barnehage

Aukra kommune Barnebo barnehage

مكان العمل
AUKRA، MØRE OG ROMSDAL
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
31‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Er du nysgjerrig på arbeid i barnehage og lurer på om det kan bli ein karriereveg? Da skal du prøve deg som tilkallingsvikar! Barnehagen tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. Arbeidsoppgåver Tilkallingsvikar skal møte ved fråver når faste tilsette er vekke, i kortare eller lengre vikariat. Det kan vere tilkalling same dag eller ved meir planlagt fråver. Tilkallingsvikar deltek aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med pedagogisk leiar og det øvrige personalet på avdelinga. Dette inneber å ivareta barna sine behov for omsorg og leik og å fremje læring og danning med utgangspunkt i det enkelte barnet og barnegruppa. Krav til søkar Tillkallingsvikar må vere fleksibel og tole eit aktivt og fysisk arbeid ute og inne i barnehagen Delta i leik, aktivitetar og læringssituasjonar saman med barna Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, som god relasjonskompetanse, i møte med barn og foreldre Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage, men ungdommar og andre som er nysgjerring på arbeid i barnehage er veklomne til å søke Må beherske godt norsk munnleg språk, ha gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med kollegaer og foreldre Vi tilbyr Stort og godt fagmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff. Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning. Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk. Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding. Mangfald Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Kontaktperson Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459. Sissel.garseth@aukra.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.