Psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar
Høyanger kommune Psykisk helseteam
- مكان العمل
- HØYANGER، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 08/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Psykisk helseteam er lokalisert ved Høyanger helse- og sosialsenter og har seks tilsette med ulik fagbakgrunn. Eit tiltak med ni tilsette og Vaffelhjerte – eit nyoppstarta, fireårig prosjekt med lågterskel dagaktivitetstilbod – er også ein del av tenesta. Vi arbeider recoveryorientert og yter tenester til menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus.
Vi har ledig 100 % fast stilling frå snarast.
I psykiatritenesta i Høyanger får du moglegheit til å følgje dine eigne brukarar over tid – heime hos dei og ved psykisk helse sine lokalar – og rammene gir deg tid til å gå i djupna, også i dei vanskelegaste sakene.
Du blir ein del av eit team med god tradisjon for kollegastøtte, der ingen skal stå åleine i ein situasjon dei ikkje er trygge i. Rettleiing er ein fast del av arbeidskvardagen – ikkje berre noko du får ved behov – og du har reell moglegheit for vidareutdanning, anten i psykisk helsearbeid, terapi eller spesialisering.
Arbeidet er variert, og kor mykje du gjer av kvart, avheng av erfaringa og kompetansen din. Arbeidsoppgåvene er mellom anna:
Oppfølging og koordinering, inkludert ansvarsgruppe og individuell plan, i samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og heimetenesta
Støttesamtalar etter fast struktur, psykoedukasjon og tilbakefallsførebygging
Eigne terapiforløp med rettleiing, når du har kompetansen til det
Legemiddelhandtering – istandgjering og utlevering – og oppfølging av somatisk helse
Fortløpande vurdering av risiko for sjølvmord og vald
Pårørandearbeid og rettleiing av pårørande, også når barn er pårørande
Planlegging og gjennomføring av lågterskelaktivitetar, mellom anna i Vaffelhjerte
Vi søkjer deg som er engasjert i utviklinga av Høyanger kommune, og som likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
KvalifikasjonarVi ønskjer oss ein kollega som er nysgjerrig – på menneska du møter, på faget og på korleis ting kan gjerast betre. Du møter folk med varme, også dei som ikkje gjer det lett for deg, og held hovudet kaldt når det blir krevjande. Du tør å stille spørsmål ved eigne vurderingar, og du er ein kollega andre kan stole på.
Faglege kvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar, fortrinnsvis vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Førarkort klasse B, fortrinnsvis manuelt gir
Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Det er ein fordel med vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid og/eller erfaring frå arbeid i dette fagfeltet.
Vi tilbyr
Overlapping med kollegaen som går av med pensjon, slik at du får ein god start
Arbeidstid på dagtid. Fram til sommaren 2027 kan inntil 40 % av stillinga vere knytt til tiltak med medleverturnus.
Lønn etter tariff og offentleg tenestepensjon i KLP. Nyutdanna sjukepleiarar startar med 8 års ansiennitet, og vi har eit lokalt ansiennitetstillegg på kr 15 000 ved 16 års ansiennitet.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ for faste stillingar
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju og får tilsendt ein case som skal presenterast.
Tenesta har i dag ei klar overvekt av kvinnelege medarbeidarar. Vi ønskjer betre kjønnsbalanse i teamet og oppmodar derfor menn til å søkje.
Høyanger som bu- og arbeidsområdeHøyanger kommune har store moglegheiter innan det grøne skiftet og sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft, og vi har infrastruktur med toppmoderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrkje attraktiviteten til kommunen og sikre at det er godt å bu, besøkje og drive næring i heile kommunen.Her kjem du inn i biletet!
Kvifor Høyanger?Stor aktivitet innan næringslivet, med fokus på det grøne skiftet og sirkulærøkonomi
Eit rikt lag- og organisasjonsliv
Fokus på samskaping og samarbeid
Toppmoderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg og mykje meir
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss, eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med sjukepleiar Inger Johanne Berge på 99 21 93 35.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune?
https://hoyanger.friskus.com/events
Den som blir tilsett, må levere godkjend politiattest før oppstart.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren etter offentleglova § 25 kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.