Reinhaldar til fast helgestilling
Renhold seksjon 6, Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon
- مكان العمل
- BERGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Hospitaldrift Reinhald har ledig 1x15,02% helgestilling som reinhaldar/assistent frå desember 2026.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald i sjukehuset og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
Arbeidstid er: kvar 3.helg
Medarbeidar vil inngå i eit team som rullerer innan arbeidsoppgåver
KvalifikasjonarDet vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Personlege eigenskaparVi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team
Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Godt arbeidsmiljø
Bedriftsidrettslag
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonGintare Hidalgo, Seksjonsleiar, 48614211
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5193969983
Stillingsprosent: 15,02%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.