شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du hjelpe innbyggjarane våre med gode avløpsløysingar og bidra til reinare vatn i Etne kommune?

Etne kommune Utvikling

مكان العمل
ETNE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
30‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Etne kommune søkjer ein praktisk, løysingsorientert og fagleg trygg miljørådgjevar som vil gjere ein forskjell – både for miljøet og for innbyggjarane våre. Me har mange private avløpsanlegg i kommunen og ønskjer å styrkje arbeidet med å sikre at desse fungerer tilfredsstillande og ikkje fører til unødvendig forureining av grunnvatn, bekkar, elvar og sjø. Dette er ei stilling for deg som trivst med å kombinere praktisk teknisk arbeid, faglege vurderingar og god dialog med menneske. Det er viktig for oss at du har god forståing for korleis private avløpsanlegg fungerer i praksis, og at du kan gi konkrete råd som hjelper innbyggjarane med å ha kontroll på eigne utslepp. Me ønskjer oss ein medarbeidar som ikkje berre kan peike på problem, men som også kan bidra til å finne gode løysingar. ArbeidsoppgåverKartleggje og føre tilsyn med private avløpsanlegg og vurdere korleis anlegga fungerer. Gi praktisk og teknisk rettleiing til innbyggjarar, og vurdere løysingar ut frå tekniske forhold, miljøomsyn, regelverk og behovet til den enkelte eigar. Bidra til at innbyggjarane får god forståing for eigne avløpsanlegg og korleis dei kan førebyggje forureining. Følgje opp meldingar om feil og manglar, dokumentere tilstanden til anlegg og vurdere behov for vidare tiltak. Handsame søknader om utsleppsløyve og andre saker etter forureiningsregelverket, og bidra fagleg til sakshandsaminga elles på sektoren. Bidra til arbeid med vasskvalitet, vassmiljø og førebygging av forureining. Samarbeide med HIM IKS, eining Investering og infrastruktur, innbyggjarar og aktuelle fagmiljø. Ajourføre relevant dokumentasjon, anleggsregister og gebyrgrunnlag innan vatn og avløp. Delta i informasjonsarbeid, prosjekt, opplæring og utvikling av gode rutinar for tilsyn og rettleiing. KvalifikasjonarMe ser etter deg som har solid praktisk og teknisk forståing for vatn og avløp. Aktuell bakgrunn kan vere fagbrev som røyrleggjar, teknisk fagskule, ingeniørutdanning eller anna relevant utdanning. Praktisk erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Det er særleg ønskjeleg at du har: Praktisk erfaring med private avløpsanlegg, avløpsreinsing, drift, vedlikehald eller feilsøking. Kompetanse til å vurdere tekniske feil og moglege utbetringar av eksisterande anlegg. Kunnskap om ulike reinsemetodar, grunnforhold og korleis utslepp kan påverke vassmiljøet. Kjennskap til relevant regelverk og tekniske standardar. Gode digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere faglege vurderingar. Du må ha førarkort klasse B og kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg. EigenskaparMe legg stor vekt på at du er praktisk anlagt, løysingsorientert og god til å møte menneske. Du må kunne setje deg inn i situasjonen til innbyggjarane, forstå utfordringane deira og bidra til å finne løysingar som er både miljømessig forsvarlege og økonomisk fornuftige. Me tilbyrEi meiningsfull stilling der du får vere med på å utvikle eit viktig fagområde i Etne kommune. Du får høve til å kombinere praktisk arbeid, miljøfag og direkte samarbeid med innbyggjarane. Du vert ein del av eining Utvikling og får ei sentral rolle i arbeidet med å ta vare på vassmiljøet i kommunen. Annan informasjonMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.