Administrasjonskonsulent - vikariat
Setesdalsmuseet, Aust-Agder museum og arkiv
- مكان العمل
- VALLE، RYSSTAD، AGDER
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 22/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Setesdalsmuseet er ei avdeling i Aust-Agder museum og arkiv. No søkjer vi ein strukturert, ansvarsfull og løysingsorientert administrasjonskonsulent i 1 års 100% vikariat. Vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av Setesdalsmuseet?
Stillinga passar for deg som trivst med varierte oppgåver, likar å ha oversikt og tar ansvar for at både små og store oppgåver blir følgde opp.
Som administrasjonskonsulent får du ei sentral rolle i den daglege drifta av museet. Du vil arbeide sjølvstendig med eigne ansvarsområde, samtidig som du samarbeider tett med dagleg leiar og resten av organisasjonen. Arbeidskvardagen varierer gjennom året, og det er viktig at du kan prioritere, planlegge og tilpasse deg skiftande behov. Fleire oppgåver gir rom for å vere kreativ. Arbeidsstad er Setesdalsmuseet på Rysstad, og målform er nynorsk.
ArbeidsoppgåverAdministrasjon
Administrativ og strategisk støtte for dagleg leiar
Marknadsføring og kommunikasjon med ansvar for sosiale media
Publikumshandtering, resepsjon, booking og billettar
Økonomi og fakturahandtering
HR og rekruttering
Vidareutvikle museumsbutikk og kafé
Koordinere arrangement- og møteverksemd
Statistikk og rapportering
Praktisk koordinering av museumsdrifta
KvalifikasjonarUtdanning innan administrasjon, økonomi, kontorfag, kommunikasjon eller tilsvarande.
Annan utdanning kan også vurderast.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er målform.
Erfaring frå administrasjon, koordinering eller servicearbeid er ein føremon.
Erfaring med økonomi, HR, marknadsføring eller museumsdrift er ein føremon.
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskaparPersonleg eignaheit vil bli tillagd svært stor vekt. Vi ser etter deg som er trygg i rolla di, tek ansvar og bidreg til at organisasjonen fungerer godt i kvardagen.
Vi ønskjer at du:
Er svært strukturert med god orden og oversikt.
Tar eigarskap til oppgåvene dine og følgjer dei opp frå start til slutt.
Arbeider sjølvstendig, ser kva som må gjerast og tar initiativ.
Er påliteleg, nøyaktig og god til å prioritere.
Samarbeider tett og godt med dagleg leiar, og bidreg til god informasjonsflyt.
Er fleksibel og løysingsorientert når planar eller behov endrar seg.
Er serviceinnstilt og kommuniserer godt med kollegaer, samarbeidspartnarar og publikum.
Trivst med ein variert arbeidskvardag der ein må handtere fleire oppgåver parallelt.
Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Vi treng ein person som skaper tillit, følgjer opp avtalar og bidreg til kontinuitet og god drift.
Vi tilbyrEi variert og sentral stilling i ein organisasjon som arbeider med kulturarv og historie.
Ein arbeidskvardag med breidde, ansvar og moglegheit til å påverke eigne arbeidsprosessar.
Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Opplæring i relevante system og rutinar.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Pensjonsordning.
Moglegheit for forlenging.
KontaktinformasjonHind Helene Harira, Dagleg leiar, +4748180180, hind.helene.harira@aama.no
ArbeidsstedSetesdalsvegen 3273
4748 Rysstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Aust-Agder museum og arkiv
Referansenr.: 5198995038
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.