Skipsmotormekaniker - sjøvakt i 2:2 turnus
Fjord1 - Maritim Drift
- مكان العمل
- BOKN، ROGALAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 30/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi søker no etter ein skipsmotormekanikar som kan styrke mannskapet på eitt av landets største ferjesamband, Arsvågen-Mortavika.
I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri, ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av rederiet.
Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjefen, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap. Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.
Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og byggje kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.
Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
ArbeidsoppgåverGjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste).
Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld stillinga.
Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.
Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.
Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord.
Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift.
Alterneringsplikt mellom dekk og maskin.
Bidra til at fartøyet oppnår sine målsettingar, herunder ISO 50001 og fartøyets seemp-mål.
KvalifikasjonarFerdighetssertifikat skipsmotormekaniker
Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
Krise- og passasjerhandtering
FSE
Gyldig helseattest
Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker fri.
Treningsrom om bord i fartøyet
Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
Ein bur ombord i arbeidsperioden.
Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedE39
5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5210111210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.