Har du plass til èin til?
Giske kommune
- مكان العمل
- GISKE، VALDERØYA، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 13/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- Annet
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Giske kommune søkjer ein trygg, omsorgsfull og engasjert privat avlastar for eit barn.
Vil du vere ein trygg vaksen og gjere ein forskjell for eit barn - og samtidig vere ei viktig støtte for ein familie? Då kan du vere den vi søkjer!
Vi har behov for ein privat avlastar til eit konkret barn. Oppdraget passar for deg som ønskjer eit meiningsfullt og føreseieleg oppdrag, og som kan vere ein trygg og stabil
vaksen over tid. Avlastinga skjer i din eigen heim. Målet er å gi barnet gode opplevingar og tryggleik, samtidig som familien får nødvendig avlasting.
Omfanget på oppdraget er ei helg per månad (fredag til søndag), eventuelt også ein ettermiddag per veke på sikt.
Du må ha gode munnlege norskkunnskapar. Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Kvalifikasjonar/personlege eigenskaparVi ser etter deg som
har kompetanse og/eller erfaring innan helse, sosial eller pedagogisk retning
er trygg og stabil
er omsorgsfull, tålmodig og positiv
ønskjer å bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar
har plass og overskot til å ta imot barnet i heimen din
Vi tilbyrLønn og vilkår etter gjeldande avtalar, inkludert utgiftsdekning
Rettleiing ved behov
Eit viktig og meiningsfull oppdrag der du kan bety mykje for både barnet og familien!
Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vite meir om oppdraget!
KontaktinformasjonMerethe Kristin Våge, Stabsleiar, +47 90080293
ArbeidsstadValderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5192425474
Stillingsprosent: 25%
Anna
Søknadsfrist: 13.11.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.