شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Pleieassistent på helg, 4 kvar helg med langvakter

LS Lokal sikkerhet, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
14‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
4

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling rehabilitering, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Eit viktig samfunnsoppdrag Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar? Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd. ArbeidsoppgåverAnsvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring Observasjon av pasientar Dokumentasjon i pasientjournal Arbeide tverrfagleg for å sikre heilskapleg behandling, og at det blir utarbeidd mål, gjennomført tiltak og evaluering i samsvar med behandlingsplan KvalifikasjonarDet er ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern og/eller rusomsorg Studentar innan sjukepleie-, vernepleie-, psykologi-, medisin og politi oppfordrast til å søke Interesse for og kunnskap om risikovurdering og alvorleg personlegdomsforstyrring vi bli lagt vekt på personleg egnethet for stillinga Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande personlege eigenskaparDu behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er iMøtekommande Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens)  Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du etterspør rettleiing  Vi tilbyr4 kvar helg med langvakter Du vil få grundig opplæring og rettleiing Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Treningsrom for tilsette Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJoachim Honningsvåg, Seksjonsleiar, 55958348 Charlotte Sunde, Ass seksjonsleiar, 55958354 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5187864630 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling rehabilitering, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Eit viktig samfunnsoppdrag Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar? Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd. ArbeidsoppgåverAnsvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring Observasjon av pasientar Dokumentasjon i pasientjournal Arbeide tverrfagleg for å sikre heilskapleg behandling, og at det blir utarbeidd mål, gjennomført tiltak og evaluering i samsvar med behandlingsplan KvalifikasjonarDet er ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern og/eller rusomsorg Studentar innan sjukepleie-, vernepleie-, psykologi-, medisin og politi oppfordrast til å søke Interesse for og kunnskap om risikovurdering og alvorleg personlegdomsforstyrring vi bli lagt vekt på Personleg egnethet for stillinga Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande Personlege eigenskaparDu behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens)  Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du etterspør rettleiing  Vi tilbyr4 kvar helg med langvakter Du vil få grundig opplæring og rettleiing Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Treningsrom for tilsette Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJoachim Honningsvåg, Seksjonsleiar, 55958348 Charlotte Sunde, Ass seksjonsleiar, 55958354 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5187864630 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.