100 % fast stilling som reinhaldar
Årdal kommune Tekniske tenester
- مكان العمل
- ÅRDAL، ÅRDALSTANGEN، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 05/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du vere med å skape trivelege og reine kommunale bygg?
Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg!
Årdal kommune søkjer no ein positiv, påliteleg og fleksibel reinhaldar til ei fast heiltidsstilling i reinhaldsavdelinga vår.
Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik.
Arbeidsoppgåver
Reinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon.
Du vil:
utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar
bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene
arbeida både sjølvstendig og saman med andre
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
Førarkort klasse B er påkrevd
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som:
er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst
kan arbeida strukturert og sjølvstendig
har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar»
Me tilbyr
Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon
Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar)
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen
Andre opplysningar:
- Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
- Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.