شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Rådgjevar/kontraktsforvaltar

Skyss

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
25‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med.  Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar. Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke. ArbeidsoppgåverSom kontraktsforvaltar får du ansvar for å følge opp ein portefølje av mobilitetskontraktar, i tett dialog med operatørselskapa. Du vil bidra i anskaffingsprosessar og i implementering av nye kontraktar, og i å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismar. Arbeidet ditt bidrar til leverandørutvikling og til ein sunn leverandørmarknad, og du blir med på å byggje ei solid plattform for strategisk samarbeid med operatørane. Kontraktsoppfølging vert i aukande grad digitalisert og datadriven. Du vil bruke og vidareutvikle gode rapporterings- og digitaliseringsverktøy for å sikre at vi følgjer opp leveransane på ein kunnskapsbasert måte. For å kunne utøve rolla godt, er det sentralt å ha god forståing for dei geografiske forholda i Vestland og korleis desse påverkar mobilitetstilbodet. Rolla som kontraktsforvaltar krev fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår. Kvalifikasjonar (overskrift)Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad. Stillingstittelen vert då justert i tråd med kvalifikasjonane. Du må også ha sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å bygge gode og langsiktige relasjonar internt og eksternt. I tillegg er ein fordel om du kan vise til: Erfaring frå kontraktsarbeid og oppfølging av leverandørar God forståing for, eller sterk interesse for, digitalisering og rapportbygging Som person vil vi at du har evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre er open, fleksibel og engasjert, og aktivt deler og utviklar kunnskapen din saman med andre har evne til å møte krevjande situasjonar med pågangsmot, og at du kan stå stødig i hektiske periodar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland! Vi tilbyr: Ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnspåverknad Eit engasjert og hyggeleg arbeidsmiljø med brei og variert fagbakgrunn Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor etter avtale Løn etter avtale Andre opplysningar: Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort, sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort. KontaktinformasjonØrjan Kvandal, konst.gruppeleiar Operatør og drift, 47647266 Kjetil Kristiansen, konst.leiar avdeling Operasjon, 93655208 ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5196131637 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.