Sjukepleiar
Helse og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader
- مكان العمل
- ULSTEIN، ULSTEINVIK، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 12/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Ledig vikariat som sjukepleiar frå dags dato til 20.08.2028. Stillinga er organisert under heimebasert omsorg, eining 2 og har base i Holsekerdalen 20. Avdelinga har ansvar for ca 50 omsorgsbustader for menneske med ulike helseutfordringar knytt til både alder og funksjon.
Stillinga er i to-delt turnus med ein kombinasjon av langvakter på 12,5 time og ordinære vakter. Arbeid kvar tredje helg.
ArbeidsoppgåverSikre eit godt tenestetilbod med individuell tilrettelegging og hjelp til sjølvhjelp
Bidra til at brukarane skal kunne bu lengst muleg eller heile livet i omsorgsbustad
Hjelp til personleg stell og pleie, ernæring, og bistand til daglege gjeremål
Observere, vurdere og iverksette nødvendige tiltak, og ta ansvar for sjukepleieoppgåver til den enkelte brukar og dokumentere etter gjeldande regelverk
Samarbeide med pårørande, verge, interne og eksterne instansar og fagområde.
Delta i utvikling av eigen arbeidsplass og i rettleiing og opplæring av medarbeidarar
Kjenne til og etterleve rutiner i gjeldande kvalitetssystem
KvalifikasjonarAutorisert sjukepleiar
Ved tilbod om stilling må tilfredstillande politiattest kunne leggast fram.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som
likar ein variert arbeidskvardag med mange ulike arbeidsoppgåver
er god til å fokusere på ressursar og moglegheiter framfor avgrensingar og barrierer
er opptatt av å gjere ditt beste i høve til personen- bidra til livskvaliet og meistring
er trygg og fleksiel med tydeleg kommunikasjon
kan norsk, både munnleg og skriftleg
kan arbeide like godt sjølvstendig som i team
er ein lagspelar samtidig som du kan ta ansvar og eigne vurderingar
er løysingsorientert
er fleksibel og villig til å jobbe i andre avdelingar ved behov
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
turnus med arbeid 3.kvar helg, 100% stilling
alternative turnusordningar eventuelt med langvakter
ein variert og utfordrande jobb med spanande arbeidsoppgåver
gode pensjons- og fosikringsvilkår
regulerte løns- og avtalevilkår
E-læringsportalen Glup og Veilederen.no
aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
eit godt fagleg miljø med mange dyktige kollegaer
KontaktinformasjonMarlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612
ArbeidsstadHolsekerdalen 20
6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetaten
Referansenr.: 5187066665
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 20.08.2028
Søknadsfrist: 12.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.