شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Rådgjevar/seniorrådgjevar - studentinnovasjon - HVL Skape

Høgskulen på Vestlandet

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
08‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, har ledig fast 100% stilling som innovasjonsrådgjevar HVL Skape (www.HVLskape.no) gir studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) høve til å arbeide med innovasjon og entreprenørskap utanom den ordinære undervisninga. Tilboda er opne for alle studentar, uansett kva studium eller campus dei tilhøyrer.  Vi søkjer no ein studentinnovasjonsrådgjevar som vil vere sentral i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, med særleg fokus på samskaping med offentlege tenester innanfor mellom anna skule, oppvekst, helse- og sosiale tenester. Arbeidet vil skje i samarbeid med kollegar på tvers av einingar og fagmiljø i HVL, og i samarbeid med relevante eksterne aktørar.  HVL Skape er ein del av Avdeling for samfunnskontakt. Avdelinga skal drive fram samarbeidet mellom HVL og  arbeids-, nærings- og samfunnsliv, styrke HVL sin posisjon i regionen og gjere HVL meir synleg som kunnskaps- og kompetanseaktør. Stillinga vi no lyser ut, vil vere særleg knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.  Arbeidsstad for stillinga vil vere ein av HVL sine fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord. Noko reising må påreknast.   Ansvars- og arbeidsoppgåver:Leggje til rette for studentinnovasjon og entreprenørskap gjennom HVL Skape Bidra til å styrke HVL sin posisjon når det gjeld studentinnovasjon og entreprenørskap Prosjektleiing, inkludert prosjektutvikling, gjennomføring, evaluering og rapportering Ha særleg ansvar for arbeid inn mot Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Ha særleg ansvar for studentinnovasjonsarbeid retta mot offentleg sektor Arbeide for styrka innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentar  Rettleie studentar med eige innovasjons- og gründerprosjekt  Administrere interne program/satsingar for studentinnovasjon Arbeide for eksternfinansiering av HVL Skape-aktivitetar  Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, inkl. koordinering, planlegging, og gjennomføring Samarbeide med arbeidslivet i regionen kring studentinnovasjon, mellom anna gjennom å skape felles møteplassar  Kvalifikasjonskrav:Formell utdanning og kompetanse: Relevant mastergrad  Erfaring med innovasjons- og entreprenørskapsarbeid Prosjektleiarerfaring Gode formidlingsevner og god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk Kjennskap til høgare utdanningssektor og/eller HVL sitt samfunnsoppdrag   Ønska erfaring/eigeskapar: Kjennskap til innovasjonsprosessar i offentleg sektor og/eller helsetenesteinnovasjon er ein føremon  Kjennskap til arbeids- og næringsliv i regionen  Erfaring med studentrettleiing og/eller arbeid med studieprogram  Erfaring med tilskotsordningar og eksternfinansiering  Erfaring med internasjonalt samarbeid    Personlege eigenskapar: Kan arbeide både sjølvstendig og i team, ta initiativ og vere ein pådrivar Er fleksibel og løysingsorientert Har evne til å arbeide strukturert og systematisk Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Det er for tida stort fokus på systematikk, metodikk og dokumentasjon i studentinnovasjonsarbeidet i HVL. Dette både for å kunne måle resultat og for meir føreseielegheit i arbeidet. Den føretrekte kandidaten kunne bidra positivt til dette arbeidet.  Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling Høve for trening i arbeidstida Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar. Stillingskode 1364 - seniorrådgjevar kan vurderast ved særleg gode kvalifikasjonar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.HKdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.  HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved Høgskulen. Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.  Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:John Tveit, Avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt tlf nr. 980 28 771 Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider.
النص الأصلي للإعلان
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, har ledig fast 100% stilling som innovasjonsrådgjevar HVL Skape (www.hvlskape.no) gir studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) høve til å arbeide med innovasjon og entreprenørskap utanom den ordinære undervisninga. Tilboda er opne for alle studentar, uansett kva studium eller campus dei tilhøyrer.  Vi søkjer no ein studentinnovasjonsrådgjevar som vil vere sentral i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, med særleg fokus på samskaping med offentlege tenester innanfor mellom anna skule, oppvekst, helse- og sosiale tenester. Arbeidet vil skje i samarbeid med kollegar på tvers av einingar og fagmiljø i HVL, og i samarbeid med relevante eksterne aktørar.  HVL Skape er ein del av Avdeling for samfunnskontakt. Avdelinga skal drive fram samarbeidet mellom HVL og  arbeids-, nærings- og samfunnsliv, styrke HVL sin posisjon i regionen og gjere HVL meir synleg som kunnskaps- og kompetanseaktør. Stillinga vi no lyser ut, vil vere særleg knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.  Arbeidsstad for stillinga vil vere ein av HVL sine fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord. Noko reising må påreknast.   Ansvars- og arbeidsoppgåver:Leggje til rette for studentinnovasjon og entreprenørskap gjennom HVL Skape Bidra til å styrke HVL sin posisjon når det gjeld studentinnovasjon og entreprenørskap Prosjektleiing, inkludert prosjektutvikling, gjennomføring, evaluering og rapportering Ha særleg ansvar for arbeid inn mot Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Ha særleg ansvar for studentinnovasjonsarbeid retta mot offentleg sektor Arbeide for styrka innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentar  Rettleie studentar med eige innovasjons- og gründerprosjekt  Administrere interne program/satsingar for studentinnovasjon Arbeide for eksternfinansiering av HVL Skape-aktivitetar  Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, inkl. koordinering, planlegging, og gjennomføring Samarbeide med arbeidslivet i regionen kring studentinnovasjon, mellom anna gjennom å skape felles møteplassar  Kvalifikasjonskrav:Formell utdanning og kompetanse: Relevant mastergrad  Erfaring med innovasjons- og entreprenørskapsarbeid Prosjektleiarerfaring Gode formidlingsevner og god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk Kjennskap til høgare utdanningssektor og/eller HVL sitt samfunnsoppdrag   Ønska erfaring/eigeskapar: Kjennskap til innovasjonsprosessar i offentleg sektor og/eller helsetenesteinnovasjon er ein føremon  Kjennskap til arbeids- og næringsliv i regionen  Erfaring med studentrettleiing og/eller arbeid med studieprogram  Erfaring med tilskotsordningar og eksternfinansiering  Erfaring med internasjonalt samarbeid    Personlege eigenskapar: Kan arbeide både sjølvstendig og i team, ta initiativ og vere ein pådrivar Er fleksibel og løysingsorientert Har evne til å arbeide strukturert og systematisk Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Det er for tida stort fokus på systematikk, metodikk og dokumentasjon i studentinnovasjonsarbeidet i HVL. Dette både for å kunne måle resultat og for meir føreseielegheit i arbeidet. Den føretrekte kandidaten kunne bidra positivt til dette arbeidet.  Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling Høve for trening i arbeidstida Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 - rådgjevar. Stillingskode 1364 - seniorrådgjevar kan vurderast ved særleg gode kvalifikasjonar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.  HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.  Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.  Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:John Tveit, Avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt tlf nr. 980 28 771 Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.