Utviklingsdirektør
Helse Førde
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 18/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Helse Førde har frå 01.11.2026 ledig stilling som utviklingsdirektør.
Utviklingsdirektøren har ansvar for stabsområdet Fag og utvikling, som omfattar seksjonane Arkiv og dokumenthandtering, Forsking og innovasjon, Kompetanse og utdanning, Kvalitet og pasienttryggleik, Samhandling og Senter for kliniske fagsystem. Stabsområdet har eit driftsbudsjett på om lag 85 millionar kroner og rundt 60 tilsette. Det har ei sentral rolle i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og pasienttryggleik på tvers av føretaket.
Helse Førde er ei av dei største verksemdene i regionen og tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. På nettsida vår finn du meir informasjon om verksemda: Helse Førde.
Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune, ein attraktiv og vekstkraftig kommune midt mellom fjord og fjell. Kommunen tilbyr varierte bustadområde, gode oppvekstvilkår og rike kultur- og friluftsmoglegheiter. Du kan lese meir om kommunen her: Sunnfjord kommune.
ArbeidsoppgåverVi søkjer ein erfaren og visjonær utviklingsdirektør som kan leie og drive det strategiske utviklings- og innovasjonsarbeidet i føretaket.
Helse Førde står i ein krevjande økonomisk situasjon. Tilpassing av drifta til dei økonomiske rammene vil krevje solid styring, tett oppfølging og tydeleg leiing. Utviklingsdirektøren skal bidra til at utviklingsarbeidet understøttar føretaket sine overordna mål om berekraftige tenester og god ressursutnytting.
Helse Førde har som mål å vere ein lærande organisasjon. Utviklingsdirektøren får ansvar for det systematiske arbeidet med organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring og innovasjon, med særleg vekt på eit styrkt partsamarbeid og god samhandling med kommunane. Føretaket gjennomfører kvart år ei rekkje utviklings- og forbetringsprosjekt, og utviklingsdirektøren får ei sentral rolle i prioritering, koordinering og styring av desse.
Arbeidet med Vestlandslegen vil vere ei viktig oppgåve for den nye direktøren. Det same gjeld samarbeid med universitet, høgskular og andre utdannings- og forskingsmiljø. Vi ser etter ein leiar som kan kombinere strategisk tenking med gjennomføringskraft, og som evnar å inspirere og leie tverrfaglege miljø mot felles mål.
Vi ønskjer ein kandidat med solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne innan utvikling, innovasjon, forsking, teknologi eller kunnskapsverksemd.
Stillinga byr på varierte og krevjande oppgåver innan organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og strategisk utviklingsarbeid. Utviklingsdirektøren samarbeider tett med fagdirektøren og dei øvrige direktørane i føretaket.
Utviklingsdirektøren rapporterer til administrerande direktør og inngår i føretaket si leiargruppe.
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning, helst på mastergradnivå
Solid og dokumentert leiarerfaring
Erfaring frå utviklingsarbeid / prosjektarbeid og arbeid med pasienttryggleik
God økonomiforståing og evne til å styre etter rammer
Erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparTydeleg og trygg leiar med evne til å skape retning og resultat
God relasjonsbyggjar med evne til å involvere og motivere
Strategisk og analytisk, men samtidig operativ når situasjonen krev det
Evne til å sjå heilskap og handle med Helse Førde sitt beste som styrande mål
Vi tilbyrEi sentral leiarstilling i ei verksemd med viktig samfunnsoppdrag
Stor påverknadskraft i vidare utvikling av sjukehusdrift og eigedomsforvaltning
Eit kompetent og engasjert fagmiljø
Konkurransedyktige vilkår
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonArve Varden, Administrerande direktør, (+47) 992 19 352
ArbeidsstadSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5185802287
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.