Sjukepleiar/Vernepleiar
Vaksdal kommune
- مكان العمل
- VAKSDAL، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 13/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om stillingen Eining helse og meistring har no ledig ei fast stilling i 100 prosent som sjukepleiar, for tida ved Jamnetunet bu- og behandlingssenter avdeling Vaksdal sjukeheim for personar med demens.
Vaksdal sjukeheim har 30 langtidsplassar, fordelte på to etasjar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, heilskaplege tenester og kontinuerleg utvikling.
Som sjukepleiar/vernepleiar i kommunehelsetenesta møter du pasientar med samansette behov. Dette gir ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi legg stor vekt på kompetanseheving, og internundervisning er ein fast og viktig del av arbeidet vårt. Vi ønskjer å leggje til rette for at alle tilsette skal få utvikle seg fagleg. Er du sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeide, trur vi du vil trivast hjå oss.
Vi kan òg tilby langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver Pasientretta, sjukepleiarfagleg arbeid knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak.
Dokumentasjon iht. lovverk og interne rutinar
Følge opp tiltak og planar
Legemiddelhandsaming
Primæroppgåver, kommunikasjon og samarbeid med pårørande
Rettleiing og oppfølging av nytilsette og studentar
Bruk av velferdsteknologi
Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Godkjent politiattest
Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere tydeleg og respektfullt
Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Du er open for endring og utvikling
Grunnleggande digital kompetanse
God munnleg og skriftleg framstilling
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.