ROP المنزل على Søre Bildøy
ROP-huset på Søre Bildøy
Øygarden kommune Psykisk helse og rus
- مكان العمل
- ØYGARDEN، RONG، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 30/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Om avdelingaROP-huset ligg på Søre Bildøy og er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt.
Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosIAlfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.
Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.
Vi har no ledig 2 x 100٪ faste stillingar ved ROP-husetStillingane har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ein periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sitt behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit. For tida er arbeidet organisert i døgn-/medleverturnus. Medarbeidarane arbeider i samanhengande arbeidsperiodar på 2 til 3 døgn, etterfølgt av friperiodar. Turnusordninga legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene.
Arbeidstidsordninga er etablert for å møta behova i tenesta og kan endrast dersom behova til brukarane eller andre rammevilkår tilseier det.
ArbeidsoppgåverGje oppfølging og miljøterapeutisk bistand til brukarane i tråd med vedtak, mål og individuelle behov, og bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet.
Byggja trygge relasjonar og leggja til rette for ein stabil og føreseieleg kvardag.
Administrera legemiddel samt dokumentera, evaluera og følgja opp tiltak i elektronisk pasientjournal.
Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, faglege retningslinjer og vedtekne rutinar.
Samarbeida med pårørande og relevante samarbeidspartnarar.
Bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
KvalifikasjonarMå haBachelor i vernepleie eller sjukepleie med vidareutdanning innan psykisk helse- og rusarbeid.
Relevant erfaring frå arbeid innan rus og psykisk helse, med vekt på miljøterapeutisk arbeid, relasjonsbygging og legemiddelbehandling.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B.
Ønskjelege kvalifikasjonarErfaring frå døgnbemanna tenester.
Kunnskap om recovery-orientert arbeid.
Kunnskap om traumeinformert praksis.
Erfaring med dokumentasjon i elektroniske journalsystem.
Det er ønskjeleg at søkjarar har erfaring frå arbeid med målgruppa.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Er trygg, robust og bevarer ro og fagleg vurderingsevne i krevjande situasjonar.
Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid.
Er fleksibel, løysingsorientert og tek ansvar.
Har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeida tett saman med kollegaer og samarbeidspartnarar.
Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid.
AnnaGyldig politIAttest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr:Ei meiningsfull og fagleg spennande stilling der du kan gjera ein forskjell.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
Moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
كونتاكت:
AvdelingsleIAr: ريكه إتيم TLF: 488 96 196
Rikke.etim@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren harBede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان
Om avdelingaROP-huset ligg på Søre Bildøy og er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt.
Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester.
Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål.
Vi har no ledig 2 x 100 % faste stillingar ved ROP-husetStillingane har ei gjennomsnittleg arbeidstid på 35,5 timar per veke over ein periode på 52 veker. Tenestene er utforma med utgangspunkt i brukarane sitt behov for kontinuitet, tryggleik og føreseielegheit. For tida er arbeidet organisert i døgn-/medleverturnus. Medarbeidarane arbeider i samanhengande arbeidsperiodar på 2 til 3 døgn, etterfølgt av friperiodar. Turnusordninga legg til rette for stabile relasjonar, tett oppfølging og god kontinuitet i tenestene.
Arbeidstidsordninga er etablert for å møta behova i tenesta og kan endrast dersom behova til brukarane eller andre rammevilkår tilseier det.
ArbeidsoppgåverGje oppfølging og miljøterapeutisk bistand til brukarane i tråd med vedtak, mål og individuelle behov, og bidra til meistring, sjølvstende og livskvalitet.
Byggja trygge relasjonar og leggja til rette for ein stabil og føreseieleg kvardag.
Administrera legemiddel samt dokumentera, evaluera og følgja opp tiltak i elektronisk pasientjournal.
Arbeida i tråd med gjeldande lovverk, faglege retningslinjer og vedtekne rutinar.
Samarbeida med pårørande og relevante samarbeidspartnarar.
Bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø.
KvalifikasjonarMå haBachelor i vernepleie eller sjukepleie med vidareutdanning innan psykisk helse- og rusarbeid.
Relevant erfaring frå arbeid innan rus og psykisk helse, med vekt på miljøterapeutisk arbeid, relasjonsbygging og legemiddelbehandling.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Førarkort klasse B.
Ønskjelege kvalifikasjonarErfaring frå døgnbemanna tenester.
Kunnskap om recovery-orientert arbeid.
Kunnskap om traumeinformert praksis.
Erfaring med dokumentasjon i elektroniske journalsystem.
Det er ønskjeleg at søkjarar har erfaring frå arbeid med målgruppa.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Er trygg, robust og bevarer ro og fagleg vurderingsevne i krevjande situasjonar.
Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid.
Er fleksibel, løysingsorientert og tek ansvar.
Har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeida tett saman med kollegaer og samarbeidspartnarar.
Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid.
AnnaGyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr:Ei meiningsfull og fagleg spennande stilling der du kan gjera ein forskjell.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
Moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar: Rikke Etim tlf: 488 96 196
Rikke.etim@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.