Sjukepleiar
Bø sjukeheim Jønneberg
- مكان العمل
- MIDT-TELEMARK، BØ I TELEMARK، TELEMARK
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 21/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko? Ynskjer du å jobbe i eit miljø der både humor og profesjonalitet får plass? Då ynskjer me deg velkommen som sjukepleiar hos oss!
Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus har ledig 100 % stilling som sjukepleiar med langvakter kvar 4. helg. I løpet av dei 12,5 timane er det lagt opp til to pauser à tre kvarter. Me har årsturnus der ein har moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan og dette skapar forutsigbarhet.
Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen som ligg sentralt til i Bø sentrum. Per i dag driftar me 3 avdelingar, 2 langtidsavdelingar og 1 korttidsavdeling. Totalt er det 23 rom.
Me søker etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle mennesker med respekt.
Hos oss jobbar du med kollegaer som er imøtekommande og som er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø.
ArbeidsoppgåverUtøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
Pasientvurdering og oppfølging
Medikamenthåndtering
Pleie og omsorg
Behandling og rehabilitering
Legevisitt
Tverrfaglig samarbeid
Ansvarsvakt
Kvalitetssikring og fagutvikling
Veiledning av kollegaer, sjukepleiestudentar og pårørande
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar
Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå
Ønska kompetanse
Erfaring frå eldreomsorg
Kjennskap til Profil EPJ
God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskaparVære opptatt av fagleg kvalitet og utvikling
Sjølvstendig og ansvarfull
Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
Strukturert, løsningsorientert og positiv
Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt ved ansettelse
Vi tilbyrAvsatt tid til fagleg utvikling med både eigne og felles fagdagar
Årsturnus
Moglegheit for kurs og videreutdanning
Internundervisning
Mentorordning ved nytilsetting
Jevnlige møtepunkt; personalmøter og sjukepleiarmøter
Fagleiar i 90% stilling som jobber med fagutvikling og koordinering
Institusjonslege i 100% stilling med visitt for avdelinga to gonger i veka
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Gratis parkering
Kantine
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
KontaktinformasjonTone Heimdal Veting, Avdelingsleiar, +47 92255565
ArbeidsstadGamleveg 43
3802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5168499205
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.