Sunde skule har ledig stilling for
Sunnfjord kommune Sunde skule
- مكان العمل
- SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 29/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام جزئي
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Sunde skule er ein barneskule i Sunnfjord kommune med om lag 150 elevar. Vi arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø der alle elevar opplever meistring, utvikling og tilhøyrsle.
Tilsette ved skulen samarbeider tett for å gi elevane ein trygg, god og meiningsfull skulekvardag.
Vi har ledig:100 % vikariat for fagarbeidar eller assistent frå 01.01.2027 - 31.07.2027
Stillinga følger skuleåret. Lønsprosenten vert 89 %.
Om stillinga:Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til arbeid i skule og SFO. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med særskilde behov, mellom anna elevar med autismespekterforstyrring (ASF).
Arbeidsoppgåvene omfattar:dagleg oppfølging og støtte til elevar i undervisning og friminutt
bidra til tryggleik, meistring og sosial utvikling
støtte elevane i kommunikasjon og samhandling med andre
samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar
deltaking i SFO-tilbodet
Vi ser etter deg som trivst med å arbeide tett på enkeltelevar og bidra til tryggleik, kommunikasjon, meistring og utvikling i skule og SFO.
Kvalifikasjonar:barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for faget
god munnleg og skriftleg framstillingevne på norsk
godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding
har god fysisk form som gjer deg i stand til å følgje opp elevane gjennom ein aktiv skulekvardag
Det er ein fordel om du har:erfaring frå arbeid med elvar med autismespekterforstyrring (ASF)
erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
erfaring frå arbeid i skule, SFO eller liknande verksemd
Vi søker deg som: har interesse for og motivasjon til å arbeide med elevar med særskilde behov
møter utfordrande situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte
har gode samarbeidsevner og samtidig arbeider sjølvstendig og strukturert
er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø
meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for elevane
samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.