Kom til oss i Storebø FUS barnehage som pedagogisk leiar - Vikariat
Storebø FUS barnehage as
- مكان العمل
- AUSTEVOLL، STOREBØ، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 05/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi ser etter ein engasjert og varm pedagogisk leiar som har lyst til å vere med og skape ein kvardag full av leik, læring og omsorg i Storebø FUS barnehage. Dette er eit 100% vikariat fra 15.12.2026 - 31.07.2027,med moglegheit for forlengelse, og vi lovar at vi gjer vårt for at du skal kjenne deg som ein viktig del av gjengen frå dag éin. Her får du både faglege utfordringar og mykje latter i løpet av dagen.
Du får jobbe i ein barnehage som er ein del av FUS-kjeda, med høg kvalitet, tryggleik og fagleg utvikling i fokus. Hos oss er det kort veg frå idé til handling – og godt rom for å vere både nysgjerrig og leiken, sjølv om du er vaksen.
Om rollen
Som pedagogisk leiar har du ei nøkkelrolle i barnehagen, både for barna, føresette og kollegaer. Du blir ein viktig premissgjevar for den pedagogiske praksisen på avdelinga, og ein lagspelar som får med deg både små og store. Vi ønskjer oss ein person som trivst med ansvar, men som også veit at den beste kvardagen skapar vi saman.
Ha det overordna pedagogiske ansvaret på eiga avdeling
Planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet
Sikre eit inkluderande, trygt og stimulerande miljø for alle barn
Ha tett og god dialog med føresette, med fokus på samarbeid om barnet
Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet
Bidra aktivt i utviklingsarbeid, faglege møte og refleksjon i personalgruppa
Kven vi ser etter
Du er ein person som møter både barn, føresette og kollegaer med respekt, nysgjerrigheit og varme. Du likar å dele kunnskap, og du er heller ikkje redd for å spørje om hjelp når du treng det.
Utdanning som barnehagelærar
Eller anna relevant utdanning kan bli vurdert
Det må leggjast fram politiattest ved tilsetjing
Trygg i rolle som leiar i barnegruppa, og komfortabel med å ta avgjerder i kvardagen
God evne til å bygge relasjonar og skape tillit, både til barn og vaksne
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, slik at du kan kommunisere godt med barn, føresette og kollegaer
Evner å møte barn i ein kvardag som stadig er i endring
Kvifor jobbe hos oss
I Storebø FUS barnehage får du ikkje berre ein jobb, men ein gjeng å spele kvar dag med – både fagleg og sosialt. Vi tek fag på alvor, men oss sjølve akkurat passe høgtideleg. Her er det lov å prøve, feile, le og lære – og helst alt på same dag.
Du blir del av ein organisasjon som jobbar forskingsbasert og systematisk med kvalitet, og som har sterk satsing på kompetanse og utvikling. Vi gir deg både støtte, rettleiing og rom til å vekse som pedagog og leiar.
Et sterkt fagmiljø med fokus på utvikling
Engasjerande kollegaer
Flott og inkluderande arbeidsmiljø med mykje samarbeidsvilje og humor i kvardagen
Egne FUS klær
Moglegheit til å påverke eigen kvardag og bidra aktivt i utviklinga av barnehagen
Konkurransedyktig lønn
Korleis søkje
Send inn søknad og CV gjennom den digitale søknadsportalen som er lenka til i utlysinga. Legg gjerne ved relevante vitnemål og attestar dersom du har dei lett tilgjengeleg. Skriv kort kvifor du har lyst til å jobbe akkurat i Storebø FUS barnehage, og kva du kan bidra med i miljøet vårt. Vi går gjennom søknadar fortløpande, og vi kallar inn aktuelle kandidatar til intervju. Vi vurderer søkjarar og gjer tilsettingar fortløpande, og vi vurderer søknader etter kvart som dei kjem inn.
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.