شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

LIS-vikar sommaren 2027

Nevrologi legar, Helse Førde

مكان العمل
SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
17‏/01‏/2027
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer lis-vikar i perioden 21.06.2027-15.08.2027 Legar med fullført lis1, lis1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.  Om seksjonen Legane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og ms.   Eit fagmiljø i utvikling Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet.  Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.  Vi ser fram til å motta søknaden din!  ArbeidsoppgåverDeltaking i forvaktordning (døgnvaktordning, tilstadesvakt, med supervisjon frå bakvakt) Arbeid på sengepost under supervisjon Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd. Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper. Bidra til fagleg utvikling og undervisning. KvalifikasjonarFor stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, eventuelt lisens.  Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg og blir vektlagt Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg  Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit tverrfagleg miljø Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert Engasjert og med pasienten i fokus Vi tilbyrEin spennande og utfordrande jobb Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Hjelp med å skaffe bustad Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5206816291 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
النص الأصلي للإعلان
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS-vikar i perioden 21.06.2027-15.08.2027 Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.  Om seksjonen Legane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.   Eit fagmiljø i utvikling Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet.  Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.  Vi ser fram til å motta søknaden din!  ArbeidsoppgåverDeltaking i forvaktordning (døgnvaktordning, tilstadesvakt, med supervisjon frå bakvakt) Arbeid på sengepost under supervisjon Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd. Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper. Bidra til fagleg utvikling og undervisning. KvalifikasjonarFor stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, eventuelt lisens.  Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg og blir vektlagt Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg  Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit tverrfagleg miljø Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert Engasjert og med pasienten i fokus Vi tilbyrEin spennande og utfordrande jobb Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Hjelp med å skaffe bustad Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5206816291 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.