شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Barne- og ungdomsarbeider

Klepp kommune, Fagteam barnehage

مكان العمل
KLEPP، KLEPPE، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
29‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du vere med og skape gode dagar for barn?  Fagteamet i barnehagane i Klepp kommune søkjer fagarbeidarar med oppstart snarast mogleg.  Fagteamet arbeider for at barn med behov for ekstra støtte skal få gode, trygge og utviklande dagar i barnehagen. Gjennom spesialpedagogiske tiltak og andre nødvendige støttetiltak følgjer vi opp mål som er fastsette i sakkunnige vurderingar og vedtak. Vi er opptekne av å sjå det enkelte barnet sine ressursar og moglegheiter, og arbeider kvar dag for å skape gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle i fellesskapet. Som tilsett i fagteamet får du vere med på eit viktig arbeid som kan gjere ein stor forskjell i barn sine liv.Vi ser etter deg som har eit stort hjarte for barn og som ønskjer å bidra til at barn får oppleve tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen.  Hos oss får du arbeide tett på barna i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Vi er opptekne av nærvær, relasjonar og tidleg innsats, og vi ønskjer medarbeidarar som trivst i direkte arbeid med barn.  Som fagarbeidar i fagteamet vil du vere ein viktig støttespelar for barn som treng litt ekstra oppfølging for å få best mogleg utvikling og deltaking i barnehagekvardagen.  ArbeidsoppgåverDirekte arbeid med barn individuelt og i grupper  Bidra til å skape trygge, gode og inkluderande miljø for barn  Delta i gjennomføring av tiltak kring barn med særskilde behov  Støtte barna i leik, læring og sosial utvikling  Samarbeide tett med føresette og tilsette i barnehagane, og med tilsette og leiarteamet i Fagteamet.   Bidra til at barna opplever meistring og fellesskap i kvardagen  KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar  Vidareutdanning innan spesialpedagogikk er ønskjeleg  Anna relevant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med barn vil bli vektlagt  Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov er ein fordel  Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader. Førarkort klasse B  Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Personlege eigenskaparVi ønskjer oss ein kollega som  Møter barn med varme, omsorg og respekt  Er til stades og byggjer trygge relasjonar  Ser moglegheiter og ressursar hos kvart enkelt barn  Samarbeider godt med både føresette og kollegaer  Er positiv, engasjert og fleksibel  Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap  Har ei helse som er foreneleg med det å arbeida i barnehage.   Vi tilbyrHos oss får du  Eit viktig og meiningsfylt arbeid med barn  Moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag  Eit varmt, inkluderande og støttande arbeidsmiljø  Samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer  Varierte arbeidsdagar med høg grad av nærvær i arbeidet med barna  Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Klepp kommune  Tett oppfølgjing frå leiarteamet i Fagteamet.   KontaktinformasjonTrine Vika Tengesdal, Styrar, +47 93021953 ArbeidsstadEngrappstubben 1 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5209106548 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.