شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Kirurgisk post Haugesund Sjukehus

مكان العمل
HAUGESUND، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
19‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på kirurgisk post ved HAUGESUND sjukehus. 🏥 kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar.  🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like. Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!  Kva går jobben ut på?I denne stillinga vil du mellom anna: Arbeide med stille rapport og delt gruppe, slik at du får ansvar for eigne pasientar. Utføre pleie, oppfølging og administrasjon på sengepost. Utføre sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrar. Samarbeide tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp. Bidra til trygg og heilskapleg pasientbehandling med pasienten i sentrum. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar.  Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som DIPS og Meona. Erfaring med sårstell er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:  har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ryddig, strukturert og arbeider målretta trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø er sjølvstendig og har evne til å prioritere arbeidsoppgåver bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt samarbeid med kollegaene dine er open for nye utfordringar og ønskjer fagleg utvikling Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt. Kvifor skal du velje oss?God opplæring og oppfølging frå erfarne sjukepleiarar. Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver. Moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling. KontaktinformasjonAnne Ringe, Avdelingsleiar ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5189446571 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post ved Haugesund sjukehus. 🏥 Kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar.  🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like. Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!  Kva går jobben ut på?I denne stillinga vil du mellom anna: Arbeide med stille rapport og delt gruppe, slik at du får ansvar for eigne pasientar. Utføre pleie, oppfølging og administrasjon på sengepost. Utføre sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrar. Samarbeide tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp. Bidra til trygg og heilskapleg pasientbehandling med pasienten i sentrum. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar.  Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som DIPS og Meona. Erfaring med sårstell er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:  har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ryddig, strukturert og arbeider målretta trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø er sjølvstendig og har evne til å prioritere arbeidsoppgåver bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt samarbeid med kollegaene dine er open for nye utfordringar og ønskjer fagleg utvikling Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt. Kvifor skal du velje oss?God opplæring og oppfølging frå erfarne sjukepleiarar. Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver. Moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling. KontaktinformasjonAnne Ringe, Avdelingsleiar ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5189446571 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.