شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Helse Bergen HF

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
11‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
19

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.  Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane: ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1, Post 2 Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling Medisinsk klinikk, Seksjon for geriatri Kirurgisk serviceklinikk, Dagkirurgisk seksjon Mottaksklinikken, Akuttmottak, Utgreiingsmottak 1, Utgreiingsmottak 2 Laboratorieklinikken, Seksjon for blodgiving  Hudavdelinga Barne- og ungdomsklinikken Bemanningssenteret Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. ArbeidsoppgåverFysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.  Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425. Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662. Seksjon for geriatri - Vil du vere med gi den beste behandlinga til eldre, skrøpelege pasientar med akutt funksjonssvikt eller akutte infeksjonar? Vi har hatt eitt år med spennande utvikling og tett tverrfagleg samarbeid. Vi søkjar med dette fleire sjukepleiarar med på laget. Her får du moglegheit til å vere med og vidareutvikle eit team som har etablert seg som ein viktig del av tenesta, og som framleis har store ambisjonar for framtida. Vi har eit spennande fagmiljø med fokus på geriatri, infeksjonsmedisin og heilskapleg pasientbehandling med tett samarbeid i eit tverrfagleg team – vi lærer av kvarandre og utviklar oss saman. Bli med å bygge videre på helt ny avdeling: Vi er framleis i startfasen og dette er ei unik moglegheit til å vere med på å vidareutvikle eit trygt og sterkt arbeids- og fagmiljø. Vi tilbyr kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri og infeksjonsmedisin. Kontakt: Kristin Fjæreide Myhre, tlf. 55971533. Kvalifikasjonar (overskrift)Dagkirurgisk seksjon er ein av dei sju avdelingane i OPA, og har 6 operasjonsstover, 15 oppvakningsplassar og 7 plassar på ØNH dagkirurgisk enhet. Seksjonen behandlar dagkirurgiske pasientar innan generell kirurgi og ortopedi, frå barn til vaksne. Seksjonene held høg standard og har eit godt og spennande miljø. Kontakt: May Beate Sandvik, tlf. 559704657 92493063. Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926. Utgreiingsmottak 1, team akuttposten har ledige stilingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har erfaring og innteresse for pasientar med behov for medisinsk overvaking og/eller behandling etter inntak av rusmidlar og/eller abstinens.  Utgreiingsmottak 1, team UMO 1 har ledig stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Les meir om oss Kontakt: Ine Skåtøy, tlf. 55971802. Utgreiingsmottak 2 har 18 senger som er delt mellom pasientar frå medisinske fagområde og gastrokirurgiske pasientar. Vi har ledig 4 stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi søker deg som har lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Les meir om oss Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, tlf. 95890308. Seksjon for blodgiving - Vi har ledig vikariat på 12 månader. Her får du ein spennande og annleis arbeidskvardag. Du blir ein viktig del av teamet som sikrar blodforsyninga til sjukehuset, samtidig som du møter engasjerte blodgivarar som gjer ein uvurderleg innsats for pasientane våre. Arbeidsdagen din vil bestå av tapping og oppfølging av blodgivarar, blodprøvetaking på sengepost og arbeid på blodbussen. Hos oss får du høve til å byggje ny kompetanse innan transfusjonsmedisin og blodbankarbeid. Du blir ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø med bioingeniørar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som samarbeider tett og støttar kvarandre i kvardagen. Arbeidstid: Dagarbeid i 37,5 timars arbeidsveke, med fast seinvakt onsdagar kl. 11.00-19.20. Kontakt: Lene Pettersen, tlf. 41557675. Hudavdelinga består av poliklinikk, hotell og dagpost og dessutan hud- og revmatologisk sengepost. Vi har no eit ledig vikariat for 6 månader. Vi søkjer etter ein dermatologisk sjukepleiar til kombinasjonsstilling på poliklinikk og sengepost. Det blir 80% på poliklinikk og dei resterande 20 % på helg i sengepost.  Søkjar må ha vidareutdanning i dermatologi, og ha erfaring frå jobb på hudavdeling. Søkjar treng ha erfaring innan mellom anna behandling med PDT, sårbehandling, infusjonsbehandling med biologiske legemiddel, og kjennskap om IPL behandling. Og dessutan kunnskap om dermatitt, psoriasis og andre hudlidingar.  Kunnskap og erfaring innan revmatologi vil også vektleggast. Kontakt: Inge Bønkel Birkeland, tlf. 55974037/Rasmus O. Sørland, tlf. 55973999. Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er den nest største barneavdelinga i landet, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekkje lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialistheilsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokaliserte i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og vi har all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjer nye og spennande moglegheiter for framtida. BUK har fem seksjonar: Med A: Barn med hormon-, stoffskifte-, mage-/tarm-, nyre-, revmatiske og nevrologiske sjukdommar. Med B: Barn med kreft og blodsjukdommar. Med C: Barn med infeksjonar, hjarte- og lungesjukdommar og akutte tilstandar. Bkir: Barn med kirurgiske sjukdommar og skadar, før og etter operasjon. Nyfødd: Premature og sjuke nyfødde med behov for behandling og overvaking. I samarbeid med Bemanningssenteret har vi no ledige stillingar på BUK. Det er ønskeleg med relevante vidareutdanningar, som barnesjukepleie/kreftsjukepleie/eller andre fagspesifikke, og gjerne arbeidserfaring med barn og unge. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. Har du lyst å bli ein del av teamet vårt og jobbe med barn og unge i Glasblokkene? Kontakt: Hilde Johanna Hagen, tlf. 95521196. Bemanningssenteret - Vanskeleg å velje avdeling? Vi søker sjukepleiarar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du 4 fagdagar i året, møtepunkt kvar 3 veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet. Trivst du med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønsker ein variert arbeidskvardag kan dette vere stillinga for deg. Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900. Kvalifikasjonar:NORsk autorisasjon som sjukepleiar, eller få dette i løpet av 2026 Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa Har erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-NORdiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i NORsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare For nokre avdelingar kan det vere krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd Vi tilbyr: Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg Lønn etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185992981 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.  Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane: ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1, Post 2 Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling Medisinsk klinikk, Seksjon for geriatri Kirurgisk serviceklinikk, Dagkirurgisk seksjon Mottaksklinikken, Akuttmottak, Utgreiingsmottak 1, Utgreiingsmottak 2 Laboratorieklinikken, Seksjon for blodgiving  Hudavdelinga Barne- og ungdomsklinikken Bemanningssenteret Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. ArbeidsoppgåverFysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.  Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484/ Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425. Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662. Seksjon for geriatri - Vil du vere med gi den beste behandlinga til eldre, skrøpelege pasientar med akutt funksjonssvikt eller akutte infeksjonar? Vi har hatt eitt år med spennande utvikling og tett tverrfagleg samarbeid. Vi søkjar med dette fleire sjukepleiarar med på laget. Her får du moglegheit til å vere med og vidareutvikle eit team som har etablert seg som ein viktig del av tenesta, og som framleis har store ambisjonar for framtida. Vi har eit spennande fagmiljø med fokus på geriatri, infeksjonsmedisin og heilskapleg pasientbehandling med tett samarbeid i eit tverrfagleg team – vi lærer av kvarandre og utviklar oss saman. Bli med å bygge videre på helt ny avdeling: Vi er framleis i startfasen og dette er ei unik moglegheit til å vere med på å vidareutvikle eit trygt og sterkt arbeids- og fagmiljø. Vi tilbyr kurs, rettleiing og kompetanseutvikling innan geriatri og infeksjonsmedisin. Kontakt: Kristin Fjæreide Myhre, tlf. 55971533. Kvalifikasjonar (overskrift)Dagkirurgisk seksjon er ein av dei sju avdelingane i OPA, og har 6 operasjonsstover, 15 oppvakningsplassar og 7 plassar på ØNH dagkirurgisk enhet. Seksjonen behandlar dagkirurgiske pasientar innan generell kirurgi og ortopedi, frå barn til vaksne. Seksjonene held høg standard og har eit godt og spennande miljø. Kontakt: May Beate Sandvik, tlf. 559704657 92493063. Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse. Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926. Utgreiingsmottak 1, team akuttposten har ledige stilingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har erfaring og innteresse for pasientar med behov for medisinsk overvaking og/eller behandling etter inntak av rusmidlar og/eller abstinens.  Utgreiingsmottak 1, team UMO 1 har ledig stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ønsker deg som har lyst til å jobbe i eit spennade og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Les meir om oss Kontakt: Ine Skåtøy, tlf. 55971802. Utgreiingsmottak 2 har 18 senger som er delt mellom pasientar frå medisinske fagområde og gastrokirurgiske pasientar. Vi har ledig 4 stillingar for sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi søker deg som har lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken. Les meir om oss Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, tlf. 95890308. Seksjon for blodgiving - Vi har ledig vikariat på 12 månader. Her får du ein spennande og annleis arbeidskvardag. Du blir ein viktig del av teamet som sikrar blodforsyninga til sjukehuset, samtidig som du møter engasjerte blodgivarar som gjer ein uvurderleg innsats for pasientane våre. Arbeidsdagen din vil bestå av tapping og oppfølging av blodgivarar, blodprøvetaking på sengepost og arbeid på blodbussen. Hos oss får du høve til å byggje ny kompetanse innan transfusjonsmedisin og blodbankarbeid. Du blir ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø med bioingeniørar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som samarbeider tett og støttar kvarandre i kvardagen. Arbeidstid: Dagarbeid i 37,5 timars arbeidsveke, med fast seinvakt onsdagar kl. 11.00-19.20. Kontakt: Lene Pettersen, tlf. 41557675. Hudavdelinga består av poliklinikk, hotell og dagpost og dessutan hud- og revmatologisk sengepost. Vi har no eit ledig vikariat for 6 månader. Vi søkjer etter ein dermatologisk sjukepleiar til kombinasjonsstilling på poliklinikk og sengepost. Det blir 80% på poliklinikk og dei resterande 20 % på helg i sengepost.  Søkjar må ha vidareutdanning i dermatologi, og ha erfaring frå jobb på hudavdeling. Søkjar treng ha erfaring innan mellom anna behandling med PDT, sårbehandling, infusjonsbehandling med biologiske legemiddel, og kjennskap om IPL behandling. Og dessutan kunnskap om dermatitt, psoriasis og andre hudlidingar.  Kunnskap og erfaring innan revmatologi vil også vektleggast. Kontakt: Inge Bønkel Birkeland, tlf. 55974037/Rasmus O. Sørland, tlf. 55973999. Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er den nest største barneavdelinga i landet, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekkje lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialistheilsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokaliserte i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og vi har all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjer nye og spennande moglegheiter for framtida. BUK har fem seksjonar: Med A: Barn med hormon-, stoffskifte-, mage-/tarm-, nyre-, revmatiske og nevrologiske sjukdommar. Med B: Barn med kreft og blodsjukdommar. Med C: Barn med infeksjonar, hjarte- og lungesjukdommar og akutte tilstandar. Bkir: Barn med kirurgiske sjukdommar og skadar, før og etter operasjon. Nyfødd: Premature og sjuke nyfødde med behov for behandling og overvaking. I samarbeid med Bemanningssenteret har vi no ledige stillingar på BUK. Det er ønskeleg med relevante vidareutdanningar, som barnesjukepleie/kreftsjukepleie/eller andre fagspesifikke, og gjerne arbeidserfaring med barn og unge. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. Har du lyst å bli ein del av teamet vårt og jobbe med barn og unge i Glasblokkene? Kontakt: Hilde Johanna Hagen, tlf. 95521196. Bemanningssenteret - Vanskeleg å velje avdeling? Vi søker sjukepleiarar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag på tvers av fleire avdelingar. Vi har 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du får stor innverknad på eigen turnus. Du får brei erfaring, fagleg utvikling og ein kvardag med stor variasjon. Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du 4 fagdagar i året, møtepunkt kvar 3 veke og tett oppfølging frå leiar og resten av teamet. Trivst du med nye utfordringar, samarbeid på tvers av fagmiljø og ønsker ein variert arbeidskvardag kan dette vere stillinga for deg. Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900. Kvalifikasjonar:Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller få dette i løpet av 2026 Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa Har erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare For nokre avdelingar kan det vere krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd Vi tilbyr: Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg Lønn etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185992981 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.