شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Sjukepleiar? Sjå her!

Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus

مكان العمل
ULLENSVANG، ODDA، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
14‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vikariat, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg! Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar. Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra. 👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget! Kva går jobben ut på?Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar. Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane. Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar. Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta. Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Må ha gode ikt-kunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:  tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt Vi legg vekt på personleg eignaheit. Kvifor skal du velje oss?Jo, fordi vi har: 🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.  🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag. 🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren. 🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben. 🔹 Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAndreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5187713634 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 16.11.2026 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 14.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Vikariat, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt! Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er vår avdeling den rette for deg! Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar. Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra. 👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget! Kva går jobben ut på?Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar. Gje pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane. Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar. Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga. Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta. Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Må ha gode IKT-kunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du:  tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt Vi legg vekt på personleg eignaheit. Kvifor skal du velje oss?Jo, fordi vi har: 🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.  🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag. 🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren. 🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben. 🔹 Tilrettelagt turnus – vi undersøker muligheten for langvakter, vi har i tillegg ønsketurnus Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAndreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5187713634 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 16.11.2026 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 14.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.