Beredskapsmedarbeidar
IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune
- مكان العمل
- SOGNDAL، LEIKANGER، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 11/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til beredskapsarbeidet vårt. Stillinga har særleg merksemd på beredskapsøvingar for tilsette innan vidaregåande opplæring og tannhelse i heile Vestland fylke. Øvingsaktiviteten er i stor grad diskusjonsøvingar, og ofte for store grupper. Du vil bidra i det overordna beredskapsarbeidet, og vere del av eit fagmiljø som arbeider med svært mange ulike tema og oppgåver innanfor sikkerheit og beredskap. Vi jobbar på tvers av fagområde, og samarbeider med ulike aktørar eksternt. Vi støtter og rettleier avdelingane, bidreg til å samordne planverk og handtering av uønskte hendingar. Hos oss får du moglegheit for personleg vekst og fagleg utvikling, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle tenester og leveransar på fagområdet. Stillinga medfører noko reiseverksemd.
ArbeidsoppgåverAnsvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar for tilsette innan vidaregåande opplæring og tannhelse
Bidra i opplærings- og øvingsaktivitet etter behov innan fagområdet
Bidra i overordna beredskapsplanlegging, som til dømes overordna risiko- og sårbarheitsanalyse og overordna beredskapsplan for fylkeskommunen
Støtte og rettleie avdelingar med deira beredskapsarbeid og kontinuitetsplanlegging
Bidra i handtering av uønskte hendingar
Bidra i tverrfagleg arbeid både internt og eksternt
Bidra til vidareutvikling av tenester og leveransar på fagområdet
Andre oppgåver innan fagområdet må påreknast
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan beredskap, sikkerheit, pedagogiske eller administrative fag
Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Høg integritet og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
Det er ein fordel om du har:
Erfaring frå opplærings- og øvingsaktivitet
Kunnskap om personleg sikkerheit og handtering av truslag og vald
Erfaring frå offentleg forvaltning
Kjennskap til sikkerheitslova
Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.
Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG.
Personlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Er komfortabel med å snakke foran større forsamlingar
Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert
Tek ansvar utover eige arbeidsområde
Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samtidig
Vi tilbyrHos oss får du:
Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Stillingsnemning konsulent / spesialkonsulent / rådgjevar / seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK
Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
KontaktinformasjonAnne Cathrine Fasmer Eide, seniorrådgjevar, +47 91889890
Svein Helge Steinsaker, seksjonsleiar, +47 90895078
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5177717659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.