شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

Helse Bergen HF

مكان العمل
BERGEN، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
25‏/10‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
4

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar. Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.  Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset. Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane: Lungeavdelinga, Seksjon kontor Ortopedisk klinikk Øyane DPS Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. ArbeidsoppgåverLungeavdelinga, Seksjon kontor Vil du vere med å løfte Lungeavdelinga til nye høgder? Kontorfagleg gruppe ved Lungeavdelinga består av 13 dyktige medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi er sjølve navet i heile avdelinga, då vi jobbar tett på både pasientar og faggrupper og har ei sentral rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen vår er prega av samarbeid, struktur og høg fagleg kvalitet. Vi ser etter deg som har blikk for logistikk og god flyt i arbeidsprosessar, og som trivst med IKT-system og ønsker å bidra til utvikling av digitale løysingar. Du er fleksibel, tar initiativ og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav. Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver som timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med ulike faggrupper i eit travelt og fagleg sterkt miljø, og møte pasientar i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt. Vi ser etter ein kollega som tar ansvar i kvardagen, kommuniserer tydeleg og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer. Er du vår nye kollega ved Lungepoliklinikken? Då håpar vi du søker! Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf. 900 82 756. Ortopedisk klinikk Vil du bli ein del av eit av Noregs største og mest spennande ortopediske fagmiljø? Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er ein del av Ortopedisk klinikk og behandlar årleg om lag 5 000 inneliggande pasientar, 1 200 dagkirurgiske pasientar og gjennomfører over 20 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og handterer ein stor del øyeblikkeleg hjelp. Vi er ein vIKTig del av pasientforløpet og har eit godt tverrfagleg samarbeid på tvers av faggrupper. Ved avdelinga arbeider det i dag 19 sekretærar fordelt på fleire einingar i Sentralblokka. Vi har no ledig 100% fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær ved poliklinikken. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. Vi ser etter deg som er positiv, engasjert og serviceinnstilt, og som trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Den som blir tilsett må vere innstilt på å bidra med ulike sekretæroppgåver ved avdelinga etter behov. Ønskeleg med snarleg oppstart. Kontakt: Paula Carolina Sætre 9187569 Kvalifikasjonar (overskrift)Øyane DPS Serviceseksjonen ved Øyane DPS søker ny medarbeidar. Sidan seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientane på telefon og i luke, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beheld roen når det kokar, elsker Dips, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad! Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf. 56326641. Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling  Pasientadministrative oppgåver Telefon/resepsjonsteneste Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir Økonomisk oppgjer Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr Kvalifikasjonar Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær Helsesekretær må ha norsk autorisasjon Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav Du må ha gode IKT-kunnskapar Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner Nøyaktigheit Serviceinnstilling Fleksibel og evne til å ta utfordringar Kunne arbeide sjølvstendig og i team Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonSjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5191160448 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
النص الأصلي للإعلان
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar. Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.  Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset. Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane: Lungeavdelinga, Seksjon kontor Ortopedisk klinikk Øyane DPS Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. ArbeidsoppgåverLungeavdelinga, Seksjon kontor Vil du vere med å løfte Lungeavdelinga til nye høgder? Kontorfagleg gruppe ved Lungeavdelinga består av 13 dyktige medarbeidarar som brenn for å gi våre lungesjuke pasientar eit godt møte med sjukehuset. Vi er sjølve navet i heile avdelinga, då vi jobbar tett på både pasientar og faggrupper og har ei sentral rolle i den daglege drifta. Arbeidskvardagen vår er prega av samarbeid, struktur og høg fagleg kvalitet. Vi ser etter deg som har blikk for logistikk og god flyt i arbeidsprosessar, og som trivst med IKT-system og ønsker å bidra til utvikling av digitale løysingar. Du er fleksibel, tar initiativ og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø med godt humør. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav. Stillinga inneber varierte og meiningsfulle oppgåver som timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid. Du vil samarbeide tett med ulike faggrupper i eit travelt og fagleg sterkt miljø, og møte pasientar i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt. Vi ser etter ein kollega som tar ansvar i kvardagen, kommuniserer tydeleg og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer. Er du vår nye kollega ved Lungepoliklinikken? Då håpar vi du søker! Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf. 900 82 756. Ortopedisk klinikk Vil du bli ein del av eit av Noregs største og mest spennande ortopediske fagmiljø? Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er ein del av Ortopedisk klinikk og behandlar årleg om lag 5 000 inneliggande pasientar, 1 200 dagkirurgiske pasientar og gjennomfører over 20 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og handterer ein stor del øyeblikkeleg hjelp. Vi er ein viktig del av pasientforløpet og har eit godt tverrfagleg samarbeid på tvers av faggrupper. Ved avdelinga arbeider det i dag 19 sekretærar fordelt på fleire einingar i Sentralblokka. Vi har no ledig 100% fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær ved poliklinikken. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. Vi ser etter deg som er positiv, engasjert og serviceinnstilt, og som trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Den som blir tilsett må vere innstilt på å bidra med ulike sekretæroppgåver ved avdelinga etter behov. Ønskeleg med snarleg oppstart. Kontakt: Paula Carolina Sætre 9187569 Kvalifikasjonar (overskrift)Øyane DPS Serviceseksjonen ved Øyane DPS søker ny medarbeidar. Sidan seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientane på telefon og i luke, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beheld roen når det kokar, elsker DIPS, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad! Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf. 56326641. Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling  Pasientadministrative oppgåver Telefon/resepsjonsteneste Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir Økonomisk oppgjer Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr Kvalifikasjonar Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær Helsesekretær må ha norsk autorisasjon Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav Du må ha gode IKT-kunnskapar Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner Nøyaktigheit Serviceinnstilling Fleksibel og evne til å ta utfordringar Kunne arbeide sjølvstendig og i team Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonSjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5191160448 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.