شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?

Vindafjord kommune Helse

مكان العمل
VINDAFJORD، ØLEN، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
18‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام جزئي
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Da ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon, søker me sjukepleiar til helgestilling i tidsrommet 18.01.2027 til 14.12.2027. Stillinga er 20 %, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet, og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst. Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus. Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid. Me kan tilby: Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan Tilrettelegging for stipend ved relevant kompetanseutvikling Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø Gratis parkering Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord) Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar Lønn etter tariff Hovudarbeidsoppgåver Jobbe i team med lege på vakt Prioritere rett pasient til rett tid Ta anamnese og vurdera tiltak  Ivareta pasient og pårørande ved behov God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller Laboratoriearbeid Kvalifikasjonar Du har autorisasjon som sjukepleiar. Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav. Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk.  Personlege eigenskapar: Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulose før tiltredelse.  Slik søker du:  Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.