Helsesekretær/sekretær
Medisinsk logistikk og kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- مكان العمل
- MOLDE، HJELSET، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 22/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 4
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Har du lyst til å jobbe i ein spennande og hektisk bransje?
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, serviceinnstilt og utadvendt, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og trivelege kollegaer.
Følgande vikariat er ledige som helsesekretær/sekretær;
Vikariat 1: 100 % fra 01.12.26 - 15.08.27
Vikariat 2: 100 % fra 01.11.26 - 30.07.27
Vikariat 3: 100 % fra 01.11.26 - 30.04.27
Vikariat 4: 50 % fra 01.11.26 - 30.04.27
Seksjonen vår yter tenester til sengepostar, ekspedisjonar, poliklinikkar og inntakskontor ved Medisinsk og Nevrologisk avdeling. Vi har ei sentral rolle i pasientforløpet og legg vekt på god service, kvalitet og samarbeid.
ArbeidsoppgåverInteressante og utfordrande arbeidsoppgåver
Tett samarbeid med alle faggrupper som har tilknyting til seksjonen
Pasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefon
Elektronisk handtering av henvisingar og ventelistearbeid
Elektronisk handtering av post og dokumentbehandling
Rydding i rapportar
KvalifikasjonarÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Det er ønskjeleg med relevant erfaring
Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men ikkje eit krav
Fordel om ein er kjend med å bruke Helseplattformen
Personlege eigenskaparDu er positiv og har gode samarbeidsevner
Du er ansvarsbevisst og effektiv
Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardag
Du er fagleg engasjert og initiativrik
Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
KontaktinformasjonSolfrid Snowball, Seksjonsleiar, 97479072, solfrid.snowball@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5185690635
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.10.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.