Sjukepleiar
Kvam heimeteneste
- مكان العمل
- KVAM، NORHEIMSUND، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 24/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Er du vår nye kollega?
Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste
Som sjukepleiar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og sjukepleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
Stillinga er ledig frå oktober og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg
Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
ArbeidsoppgåverSjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam. Sjukepleiebistand inn i omsorgsbustad. Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret
Elektronisk dialog og kontakt med fastlegar/sjukehus/spesialisthelseteneste
Organisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuande
Utføring av medisinske prosedyrar etter vedtak
Administrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandtering
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Du må kunne arbeida sjølvstendig
Må ha førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparMe søkjer deg som:
er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvar
kan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnarar
møter andre på ein respektfull og open måte
deler og aukar kunnskap
er open for endringar
kan nytte digitale verktøy
Vi tilbyrMe tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990
ArbeidsstadAldehagevegen 42
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5178388174
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 24.09.2026
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.