100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering
Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
- مكان العمل
- ULLENSVANG، ODDA، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 30/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vil du leie og forme ei samfunnsviktig teneste i ein spennande omstillingsfase?
Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg, trygg og samlande verksemdsleIAr for teneste for inkludering i 100 % stilling. Stillinga er direkte underlagt kommunalsjef for Kultur, næring og samfunn. Tenesta består i dag av to avdelingar: Flyktningtenesta (fordelt i Kinsarvik og Odda) og tiltak / bufellesskap for einslege mindreårige (Kinsarvik Brygge). Til saman er det 28,5 årsverk i tenesta per 1.1.27.
Kommunen skal ikkje busetje nye flyktningar i 2027. Dette gir eit unikt handlingsrom til å rette blikket innover og framover. Hovudfokuset i tida som kjem vil vere å styrkje arbeidsmiljøet, vidareutvikle fagkompetansen, optimalisere tenestestrukturen og byggje solide samarbeidslinjer på tvers av kommunale tenesteområde.
Sentrale ansvars- og arbeidsoppgåverHeilskapleg leIAransvar for fag, økonomi, personal og drift i begge avdelingane.
Leie omstillings- og utviklingsarbeid med fokus på berekraftig organisering og god ressursutnytting.
Byggje eit trygt, inkluderande og helsefremjande arbeidsmiljø prega av tillit, openheit og tverrfagleg samhandling.
Sikre og styrkje samhandlinga med andre kommunale tenester (som NAV, barnevern, skule, helse og vaksenopplæring) og eksterne aktørar.
Sikre god oppfølging av brukarane i målgruppa og leie arbeidet i bufellesskapet i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav.
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning på bachelornivå eller høgare, helst innan samfunnsfag, helse- og sosIAlfag, pedagogikk eller organisasjon og leiing.
Dokumentert leIArerfaring med personal- og økonomIAnsvar, gjerne frå offentleg forvaltning. Formell leIArutdanning er ein fordel.
Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsleiing og partssamarbeid.
Erfaring frå samarbeid med ulike tenester / samarbeidspartar.
God innsikt i integrerings- og inkluderingsfeltet, barnevernsfeltet og/eller drift av institusjon/bufellesskap er ein fordel, men ikkje eit krav.
Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Gode digitale ferdigheiter og evne til å lære nye system raskt.
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskaparRelasjonsorientert og trygg: Du motiverer medarbeidarane dine, lyttar aktivt og skapar engasjement og eigarskap.
Strukturell og strategisk: Du har god systemforståing, evner å prioritere og ser heilskapen i tenestetilboda til kommunen.
Løysingsorientert og robust: Du står støtt i krevjande prosessar og har gode evner til å handtere endring og usikkerheit.
Samarbeidande: Du byggjer tillit på tvers av fagfelt og fremjar ein open delingskultur.
Personleg eignaheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
Vi tilbyrEin meiningsfull og utfordrande leIArposisjon med store moglegheiter til å påverke tenesta si framtid.
Engasjerte medarbeidarar
Eit støttande leIArnettverk og rom for kompetanseutvikling.
Løn etter avtale i tråd med kommunale vilkår.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
النص الأصلي للإعلان
Vil du leie og forme ei samfunnsviktig teneste i ein spennande omstillingsfase?
Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg, trygg og samlande verksemdsleiar for teneste for inkludering i 100 % stilling. Stillinga er direkte underlagt kommunalsjef for Kultur, næring og samfunn. Tenesta består i dag av to avdelingar: Flyktningtenesta (fordelt i Kinsarvik og Odda) og tiltak / bufellesskap for einslege mindreårige (Kinsarvik Brygge). Til saman er det 28,5 årsverk i tenesta per 1.1.27.
Kommunen skal ikkje busetje nye flyktningar i 2027. Dette gir eit unikt handlingsrom til å rette blikket innover og framover. Hovudfokuset i tida som kjem vil vere å styrkje arbeidsmiljøet, vidareutvikle fagkompetansen, optimalisere tenestestrukturen og byggje solide samarbeidslinjer på tvers av kommunale tenesteområde.
Sentrale ansvars- og arbeidsoppgåverHeilskapleg leiaransvar for fag, økonomi, personal og drift i begge avdelingane.
Leie omstillings- og utviklingsarbeid med fokus på berekraftig organisering og god ressursutnytting.
Byggje eit trygt, inkluderande og helsefremjande arbeidsmiljø prega av tillit, openheit og tverrfagleg samhandling.
Sikre og styrkje samhandlinga med andre kommunale tenester (som NAV, barnevern, skule, helse og vaksenopplæring) og eksterne aktørar.
Sikre god oppfølging av brukarane i målgruppa og leie arbeidet i bufellesskapet i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav.
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning på bachelornivå eller høgare, helst innan samfunnsfag, helse- og sosialfag, pedagogikk eller organisasjon og leiing.
Dokumentert leiarerfaring med personal- og økonomiansvar, gjerne frå offentleg forvaltning. Formell leiarutdanning er ein fordel.
Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsleiing og partssamarbeid.
Erfaring frå samarbeid med ulike tenester / samarbeidspartar.
God innsikt i integrerings- og inkluderingsfeltet, barnevernsfeltet og/eller drift av institusjon/bufellesskap er ein fordel, men ikkje eit krav.
Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Gode digitale ferdigheiter og evne til å lære nye system raskt.
Førarkort klasse B.
Personlege eigenskaparRelasjonsorientert og trygg: Du motiverer medarbeidarane dine, lyttar aktivt og skapar engasjement og eigarskap.
Strukturell og strategisk: Du har god systemforståing, evner å prioritere og ser heilskapen i tenestetilboda til kommunen.
Løysingsorientert og robust: Du står støtt i krevjande prosessar og har gode evner til å handtere endring og usikkerheit.
Samarbeidande: Du byggjer tillit på tvers av fagfelt og fremjar ein open delingskultur.
Personleg eignaheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
Vi tilbyrEin meiningsfull og utfordrande leiarposisjon med store moglegheiter til å påverke tenesta si framtid.
Engasjerte medarbeidarar
Eit støttande leiarnettverk og rom for kompetanseutvikling.
Løn etter avtale i tråd med kommunale vilkår.
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.