Sjukepleiar/vernepleiar 100 % 6.kvar helg langvakter
Fyresdal Pleie- Og Omsorgssenter
- مكان العمل
- FYRESDAL، TELEMARK
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 25/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar
God fagleg dyktigheit og interesse for faget
Gode kommunikasjonsevner
Utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
Likar utfordringar
Har brukar i fokus
Har stor arbeidskapasitet
Ansvarsfull og stabil
Gode digitale ferdigheiter
Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåver
Klinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandling
Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
Multidose- og generell legemiddelhandtering
Assistere lege på legevakt ved behov
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
Akuttkurs for legevaktspersonell
Fagutvikling og simulering
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
Løn etter tariff avtale
Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår:
Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
Teieplikt
Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.