Vikariat som kontaktperson i barneverntjenesta
Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
- مكان العمل
- SURNADAL، MØRE OG ROMSDAL
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 20/10/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 2
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Ved Indre Nordmøre barneverntjeneste har vi ledig vikariat som kontaktperson i 100% stilling.
Det kan bli aktuelt å tilsette i to vikariat. Vikariata varer i eit år.
Barneverntjenesta består av kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Surnadal.
Surnadal kommune er vertskommune og tenesta er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal.
Vi er organisert i tre team, der kvart team har eigen teamleiar.
Eit team i Sunndal og eit i Surnadal arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime.
Eit team arbeider med tilsyn-, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen.
Arbeidsoppgåver i stilling som kontaktperson:
saksbehandling etter lov om barnevern
systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, i nært samarbeid med andre
utstrakt kontakt med barn og foreldre/foresatte, der medverknad blir vektlagt
fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket
forberede, gjennomføre og følge opp saker i barnevern- og helsenemda og andre rettsinstansar
Kvalifikasjonar:
utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, ønskeleg med relevant mastergrad
anna bachelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet
gjerne ha barnevernfagleg arbeidserfaring
du må ha førarkort kl.B og kunne disponere eigen bil, men vi har tenestebilar tilgjengeleg
det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar og fortrinn som er viktige i stillinga:
å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, m.a med tanke på tidsfrister
vere god på å få i gang kommunikasjon og evne til å få til samarbeid
kunne stå i pressa situasjonar over tid og vere i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar
framstå som trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar
vere vennleg og imøtekomande, men samtidig vere tydeleg og ha evne til gjennomføring
kunne løfte blikket og tenkje heilheitleg
å ha evne til god muntleg og skriftleg framstillingsevne er sentralt med tanke på dialog, god
kommunikasjon og dokumentasjon i alle sider av arbeidet
Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krava til kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og tilbakemeldingar frå referanserpersonar.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale.
Hos oss i Indre Nordmøre barneverntjeneste får du:
Faglege utfordringar og gode vilkår for personleg utvikling i eit sterkt fagmiljø.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordingar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff.
Vi kan innvilge flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.