Er du problemløysar og likar å fikse alt mogleg? Då er dette stillinga for deg!
Askvoll kommune Driftssentralen
- مكان العمل
- ASKVOLL، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/09/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- دائم
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Vi har ledig 100% fast stilling som driftsoperatør er ved driftssentralen i Askvoll kommune frå 01.12.2026, eller etter avtale.
Hovudoppgåver:
Arbeidet vil i hovudsak vere tilknytt drift og vedlikehald av kommunale byggverk, anlegg og eigedomar.
Stillinga kan verte ein del av teknisk vakt.
Kvalifikasjonar:
Det er naudsynt å kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk.
Må kunne dokumentere skriftleg i våre datasystem.
Det er krav om førarkort klasse B.
Utdanningsretning:
Fagbrev innanfor tømrarfaget, mekaniske fag eller røyrleggjarfaget, eventuelt anna relevant fagbrev som elektrikar, byggdriftar, veg og anlegg, mekanikar eller andre fag som kan relaterast til arbeidet. Lang erfaring innanfor nemnde område kan ved vurdering kompensere for manglande utdanning.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tiltreding.
Personlege eigenskapar:
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner, serviceinnstilling, sjølvstendigheit, allsidigheit, gjennomføringsevne og fleksibilitet.
Vi tilbyr:
Løn etter gjeldande tariff
Offentleg pensjonsordning KLP
Gode forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.