شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Fagansvarleg IKT-risiko og etterleving

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

مكان العمل
SUNNFJORD، FØRDE، VESTLAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
02‏/12‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
دائم
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Teknologi og eksterne leverandørar er avgjerande for at banken skal levere trygge og stabile tenester til kundane våre. No ser vi etter ein fagansvarleg som vil vere med å vidareutvikle banken sITt arbeid med IKT-risiko, digITal motstandskraft og etterleving av regulatoriske krav.  Dette er ei sentral fagrolle med stor påverknad på korleis banken identifiserer, vurderer og følger opp risiko knytt til teknologi og tredjepartsleverandørar. Du får vere med å omsette regulatoriske krav til praktiske arbeidsmåtar som styrker tryggleiken og robustheITa i banken.  Hos oss får du kombinere fagleg fordjuping med praktisk oppfølging, i tett samarbeid med teknologi-, sikkerheITs- og risikomiljøa i banken.  Kva skal du jobbe med?  Du får ein svært vIKTig rolle i arbeidet med å sikre god og systematisk handtering av IKT-risiko, og at vi etterlev DORA-regelverket.  Arbeidet omfattar mellom anna:  Vidareutvikling av rammeverk, metodikk og styrande dokument for IKT-risikostyring og etterleving Gjennomføring av risikovurderingar og oppfølging av risikoreduserande tiltak Oppfølging av tredjepartsrisiko og IKT-leverandørar Omsetting av regulatoriske krav til praktiske rutinar, prosessar og kontrollar Koordinering av konsekvensanalysar (BIA) og vidareutvikling av kontinuITets- og beredskapsarbeidet Utarbeiding av faglege vurderingar og rapportering som gir leiinga oversIKT over risiko, tiltak og status Bidrag i revisjonar og tilsyn, samt rådgjeving og kompetansedeling på tvers av banken Du blir ein synleg fagressurs som hjelper kollegaer med å forstå risiko, tolke krav og finne gode løysingar. I rolla samarbeider du tett med CISO, risikofunksjonen, system- og prosesseigarar og andre sentrale fagmiljø.  Kven ser vi etter?  Vi ser etter deg som trivst med problemstillingar som kombinerer teknologi, risiko og regulatoriske krav.  Du har erfaring med IKT-risiko, leverandørstyring, etterleving eller tilsvarande fagområde, og evnar å sjå samanhengen mellom teknologi, risiko, regelverk og forretning. Erfaring frå finans eller annan regulert verksemd er ein fordel.  Vi ser gjerne at du har:  Kjennskap til DORA og evne til å omsetje regelverk til praktisk risikostyring og oppfølging Erfaring med oppfølging av IKT-leverandørar og tredjepartsrisiko Erfaring med å drive tverrfaglege prosessar og forbetringsarbeid God teknologiforståing og evne til å stille relevante spørsmål til leverandørar, utviklarar og driftsmiljø Relevant høgare utdanning og god framstillingsevne på norsk og engelsk Som person tek du eigarskap, jobbar strukturert og får ting gjort. Samtidig klarer du å kombinere grundigheIT med pragmatiske løysingar når sITuasjonen krev det.  Difor skal du søke hos oss  Vi trur mykje av styrken vår ligg i kombinasjonen av sterke fagmiljø, korte avstandar og moglegheITa til å jobbe tett på både avgjerdene og menneska som blir påverka av dei.  Som fast tilsett blir du medeigar i banken gjennom tildeling av eigenkapITalbevis. Du får også tilgang til banken sITt spareprogram for ek-bevis, gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærlån med gunstige vilkår og tilgang til banken sine hytter og leilegheITer.      Arbeidsstad: Førde  Søknadsfrist: 02.12.2026 Leiar for IT og forretningsutvikling, Andrea Kristin Kvamsdal, svarar gjerne på spørsmål om stillinga.  Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.
النص الأصلي للإعلان
Teknologi og eksterne leverandørar er avgjerande for at banken skal levere trygge og stabile tenester til kundane våre. No ser vi etter ein fagansvarleg som vil vere med å vidareutvikle banken sitt arbeid med IKT-risiko, digital motstandskraft og etterleving av regulatoriske krav.  Dette er ei sentral fagrolle med stor påverknad på korleis banken identifiserer, vurderer og følger opp risiko knytt til teknologi og tredjepartsleverandørar. Du får vere med å omsette regulatoriske krav til praktiske arbeidsmåtar som styrker tryggleiken og robustheita i banken.  Hos oss får du kombinere fagleg fordjuping med praktisk oppfølging, i tett samarbeid med teknologi-, sikkerheits- og risikomiljøa i banken.  Kva skal du jobbe med?  Du får ein svært viktig rolle i arbeidet med å sikre god og systematisk handtering av IKT-risiko, og at vi etterlev DORA-regelverket.  Arbeidet omfattar mellom anna:  Vidareutvikling av rammeverk, metodikk og styrande dokument for IKT-risikostyring og etterleving Gjennomføring av risikovurderingar og oppfølging av risikoreduserande tiltak Oppfølging av tredjepartsrisiko og IKT-leverandørar Omsetting av regulatoriske krav til praktiske rutinar, prosessar og kontrollar Koordinering av konsekvensanalysar (BIA) og vidareutvikling av kontinuitets- og beredskapsarbeidet Utarbeiding av faglege vurderingar og rapportering som gir leiinga oversikt over risiko, tiltak og status Bidrag i revisjonar og tilsyn, samt rådgjeving og kompetansedeling på tvers av banken Du blir ein synleg fagressurs som hjelper kollegaer med å forstå risiko, tolke krav og finne gode løysingar. I rolla samarbeider du tett med CISO, risikofunksjonen, system- og prosesseigarar og andre sentrale fagmiljø.  Kven ser vi etter?  Vi ser etter deg som trivst med problemstillingar som kombinerer teknologi, risiko og regulatoriske krav.  Du har erfaring med IKT-risiko, leverandørstyring, etterleving eller tilsvarande fagområde, og evnar å sjå samanhengen mellom teknologi, risiko, regelverk og forretning. Erfaring frå finans eller annan regulert verksemd er ein fordel.  Vi ser gjerne at du har:  Kjennskap til DORA og evne til å omsetje regelverk til praktisk risikostyring og oppfølging Erfaring med oppfølging av IKT-leverandørar og tredjepartsrisiko Erfaring med å drive tverrfaglege prosessar og forbetringsarbeid God teknologiforståing og evne til å stille relevante spørsmål til leverandørar, utviklarar og driftsmiljø Relevant høgare utdanning og god framstillingsevne på norsk og engelsk Som person tek du eigarskap, jobbar strukturert og får ting gjort. Samtidig klarer du å kombinere grundigheit med pragmatiske løysingar når situasjonen krev det.  Difor skal du søke hos oss  Vi trur mykje av styrken vår ligg i kombinasjonen av sterke fagmiljø, korte avstandar og moglegheita til å jobbe tett på både avgjerdene og menneska som blir påverka av dei.  Som fast tilsett blir du medeigar i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis. Du får også tilgang til banken sitt spareprogram for EK-bevis, gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærlån med gunstige vilkår og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.      Arbeidsstad: Førde  Søknadsfrist: 02.12.2026 Leiar for IT og forretningsutvikling, Andrea Kristin Kvamsdal, svarar gjerne på spørsmål om stillinga.  Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.