Me ynskjer deg!
Voss herad Gjernes skule
- مكان العمل
- VOSS، VESTLAND
- تاريخ النشر
- آخر موعد للتقديم
- 27/11/2026
- حجم الوظيفة
- دوام كامل
- نوع التوظيف
- مؤقت / بديل
- عدد الوظائف
- 1
تفاصيل الوظيفة
هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.
Gjernes skule søkjer vikariat som fagarbeidar/assistent frå 03.01.2027. Som fagarbeidar/assistent i skule og SFO er du "limet" i kvardagen for elevane. Stillinga er knytt til arbeid på småskulesteget og i SFO, så du vil følgje elevane gjennom heile dagen. Du hjelper med oppgåver, du er med på stikkball, du sett plaster på albogen, du trøyster når livet går i mot. Du er varm, kan setje grenser og likar deg i lag med elevar!
Om arbeidsstaden:
Gjernes skule, ein skule der me er viktige for kvarandre! Me er 152 kjekke elevar og 25 vaksne som saman lagar skulen fin!
Me tilbyr:
Trivsel på arbeidsplassen!
Meiningsfulle arbeidsoppgåver.
gode forsikrings- og pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
stillingsstorleik 80% i stilling som følg skuleruta, etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Kvalifikasjonar:
Fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er eit pluss
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Me ynskjer deg som:
er motivert for stillinga og er eigna for jobben
som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane
er god på samarbeid
ynskjer å ta ansvar
er ein tydeleg vaksen
Arbeidsoppgåver:
oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik både i skule og SFO
vera med på å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane
hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg
Vere ein omsorgsfull rollemodell
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.