شعار النرويج الآن
Norsk
← العودة إلى وظائف النرويج
ترجمة آلية إلى العربية

Vil du bli vår nye fysioterapeut eller spesialfysioterapeut?

Terapeutavdelinga - Haugesund Sjukehus

مكان العمل
HAUGESUND، ROGALAND
تاريخ النشر
آخر موعد للتقديم
27‏/11‏/2026
حجم الوظيفة
دوام كامل
نوع التوظيف
مؤقت / بديل
عدد الوظائف
1

تفاصيل الوظيفة

هذه ترجمة آلية لتسهيل الفهم وقد تحتوي على أخطاء. راجع النص الأصلي قبل التقديم.

Vil du bli vår nye fysioterapeut eller spesialfysioterapeut? Vi har ledig vikariat ved HAUGESUND sjukehus! Terapeutavdelinga ved HAUGESUND sjukehus søkjer ein engasjert fysioterapeut eller spesialfysioterapeut som ønskjer å bli ein del av laget vårt! Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med varierte og spennande arbeidsoppgåver. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar saman for å gi pasientane våre best mogleg behandling og oppfølging. Stillinga er knytt til dei medisinske sengepostane, og vi ønskjer difor særleg søkjarar med interesse for og gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi. Vidareutdanning eller relevante kurs innan desse fagområda er ein fordel. Som fysioterapeut hos oss blir du ein del av Terapeutavdelinga, som i tillegg til fysioterapeutar består av ergoterapeutar, sosionomar, kliniske ernæringsfysiologar og sjukehusprestar. Her får du samarbeide tett med ulike faggrupper og bidra med kompetansen din i eit breitt og spennande fagmiljø. ✨ Vi håpar du har lyst til å bli vår nye kollega! Kva går jobben ut på?Vurdere og prioritere innkomne tilvisingar. Gi individuell behandling og oppfølging av pasientar. Utføre behandling både på sengepost og poliklinisk. Delta aktivt i tverrfaglege team. Arbeide helg og på raude dagar etter rullering. Ha rettleiingsansvar for studentar og turnusfysioterapeutar. Undervise pasientar og helsepersonell. Bidra til fagleg utvikling, alltid med pasienten i fokus. Kva kompetanse ser vi etter?Du har norsk autorisasjon som fysioterapeut. Vi ønskjer primært ein spesialfysioterapeut med vidareutdanning innan barnefysioterapi og/eller lungefysioterapi. Relevante kurs innan desse fagområda er også ønskjeleg. Du har gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi. Du har gjerne kjennskap til DIPS og gode generelle IKT-kunnskapar. Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du er løysingsorientert, nytenkjande og evnar å reflektere over eigen praksis. Du bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø. Du arbeider strukturert og sjølvstendig. Du er trygg på å formidle kunnskap og undervise i ulike samanhengar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Dette kan vi tilby deg!Ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver. Eit aktivt, triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Ein variert arbeidskvardag i eit tverrfagleg sjukehusmiljø. Løn etter gjeldande avtalar. Medlemskap i KLP med gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAgneta Lundkvist Gard, Avdelingsleder Terapeutavdelingen, 47 31 74 03 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5209608672 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 27.11.2026
النص الأصلي للإعلان
Vil du bli vår nye fysioterapeut eller spesialfysioterapeut? Vi har ledig vikariat ved Haugesund sjukehus! Terapeutavdelinga ved Haugesund sjukehus søkjer ein engasjert fysioterapeut eller spesialfysioterapeut som ønskjer å bli ein del av laget vårt! Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med varierte og spennande arbeidsoppgåver. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar saman for å gi pasientane våre best mogleg behandling og oppfølging. Stillinga er knytt til dei medisinske sengepostane, og vi ønskjer difor særleg søkjarar med interesse for og gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi. Vidareutdanning eller relevante kurs innan desse fagområda er ein fordel. Som fysioterapeut hos oss blir du ein del av Terapeutavdelinga, som i tillegg til fysioterapeutar består av ergoterapeutar, sosionomar, kliniske ernæringsfysiologar og sjukehusprestar. Her får du samarbeide tett med ulike faggrupper og bidra med kompetansen din i eit breitt og spennande fagmiljø. ✨ Vi håpar du har lyst til å bli vår nye kollega! Kva går jobben ut på?Vurdere og prioritere innkomne tilvisingar. Gi individuell behandling og oppfølging av pasientar. Utføre behandling både på sengepost og poliklinisk. Delta aktivt i tverrfaglege team. Arbeide helg og på raude dagar etter rullering. Ha rettleiingsansvar for studentar og turnusfysioterapeutar. Undervise pasientar og helsepersonell. Bidra til fagleg utvikling, alltid med pasienten i fokus. Kva kompetanse ser vi etter?Du har norsk autorisasjon som fysioterapeut. Vi ønskjer primært ein spesialfysioterapeut med vidareutdanning innan barnefysioterapi og/eller lungefysioterapi. Relevante kurs innan desse fagområda er også ønskjeleg. Du har gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi. Du har gjerne kjennskap til DIPS og gode generelle IKT-kunnskapar. Du beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du er løysingsorientert, nytenkjande og evnar å reflektere over eigen praksis. Du bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø. Du arbeider strukturert og sjølvstendig. Du er trygg på å formidle kunnskap og undervise i ulike samanhengar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Dette kan vi tilby deg!Ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver. Eit aktivt, triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Ein variert arbeidskvardag i eit tverrfagleg sjukehusmiljø. Løn etter gjeldande avtalar. Medlemskap i KLP med gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAgneta Lundkvist Gard, Avdelingsleder Terapeutavdelingen, 47 31 74 03 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5209608672 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 27.11.2026
التقديم على الوظيفة

سيتم فتح صفحة التقديم الأصلية لدى الجهة الناشرة، وفق شروط NAV.